Arnas jaktar ny Litauen-rekord
Postet av Velledalen Idrettslag den 24. Mar 2017
Arnas har ved fleire høve,
eksempelvis under Tomasløpet i Straumgjerde, vist at han er lett på foten. I
2016 debuterte han i Konradløpet, og kom inn på den flotte tida 17.41. Noko som
var langt under gjeldande Litauen-rekord.
Men uheldigvis for Arnas,
same dag debuterte ein annan ungdom frå Litauen, nemleg Jonas Siurskas, busett
på Stranda. Jonas har sykling som hovudidrett, og har siste par åra vore beste
syklisten på Stranda. Han gjorde unna Konradløpet på 17.02, ei tid som altså i
lesande stund er Litauen-rekord i Konradløpet.
Arnas gir seg ikkje så
lett. Han er alt komen på påmeldingslista for 2017, noko Jonas førebels ikkje
er. Og vi tippar Arnas er god nok for ny personleg bestetid – og kven veit,
kanskje slettar han den litauiske rekorden i same slengen….?