Sesongmålet rauk for Kjell Magnar – og Berth
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Mar 2017
arkivfoto
Sist sommar vart Kjell
Magnar Berli nummer seks i NM i ultraløp. I heile haust og vinter har han budd
seg godt til eit anna NM, nemleg NM i randone. 26 km langt og med 3000
høgdemeter, arrangert i Stryn. Draumen var ei liknande plassering som sist
sommar.
I dag kom meldinga frå
Kjell Magnar om at han ikkje stiller. Årsak: kneskade
Kjell Magnar Berli melder
at frå legehald vert han rådd til å prøve fysioterapi i fyrste omgang.
Tida er kort også til
Konradløpet, der Kjell Magnar vart nummer to i fjor, eller til Holmenkollstafetten
13 mai. Der har Kjell Magnar vore ein desidert krumtapp på VIL-laget.
Heller ikkje for Berth
David Wilhelmsen gjekk det etter planen denne helga. Han skulle gått (var
påmeldt) sitt 35. Birkebeinarrenn (flest på Sunnmøre), men ligg i staden heime
i ørska. Med influensa herjande i kroppen.
VIL har eigen
klubbmeteorolog, men vi må visst til med eigen klubblege også, er det likt til.
Uansett; vi ynskjer Kjell
Magnar Berli og humørspreiar Berth Wilhelmsen GOD BETRING mot alle lidingar som
måtte plage dei!!