Årsmelding – Hovudstyret 2016
Postet av Velledalen Idrettslag den 14. Mar 2017
STYRET 2016
Atle Hole, leiar (2016 og 2017)
Marit Hole, nestleiar (2016 og 2017)
Ove Skylstad, kasserar (2015 og 2016)
Åshild Kristoffersen, sekretær (2016 og 2017)
Rolf Haxthow, styremedlem (2016 og 2017)
Håkon Fedt, styremedlem (2016 og 2017)
Linda Øye, styremedlem (2015 og 2016)
Vara: Håkon K. Brunstad (1.vara), Liv Nordli Hole
(2.vara)
Laget har i siste arbeidsåret hatt seks styremøte der
heile hovudstyret har vore innkalla. I tillegg har det vore mange møter med
mindre grupperingar, eksempelvis i samband med Konradløpa og Førjulsmessa.
Diverre har frammøtet vore heller svakt. Medrekna 1. vara i snitt 30 prosent
fråver. Fråver som altfor ofte ikkje er meldt på førehand.
Likevel eit positivt år for Velledalen IL.
Idrettsskulen kom tilbake etter eit opphald, og det vart starta trimparti for
innebandy og ungdomstrim. O-gruppa har hatt eit enormt år med Forbundsbesøk, kartarbeid,
lokale O-løp og opplegg for skular. Dei har fått fortent rosande presseomtale
og festa grepet som Velledalen IL si leiande undergruppe. VIL har i 2016 jobba
godt med profileringsklede. Medlemstalet er stigande og grasrotkronene (og
spelarane) voks i 2016. Førjulsmessa gav ny nettorekord (84 200 kroner).
På vårparten 2016
sa VRF frå seg vedlikehaldet av Dalemyra stadion, men drifta likevel anlegget
ut fotballsesongen 2016.
MEDLEMSTAL: Talet
på medlemar var i 2015 det svakaste i dette århundre. Såleis måtte det kome ein
oppgang.
0-5 år
6-12 år
13-19
20-25
26+
Sum
2001
13
34
25
2
75
149
2002
14
51
24
1
100
190
2003
17
49
26
3
98
193
2004
15
43
29
2
98
187
2005
8
41
31
0
83
163
2006
7
62
29
4
94
196
2007
8
51
41
6
138
244
2008
11
48
35
5
132
231
2009
11
42
44
9
125
231
2010
10
23
27
7
112
179
2011
7
44
23
3
115
192
2012
8
30
21
6
83
148
2013
6
34
20
3
103
166
2014
6
21
20
8
97
152
2015
2
12
12
4
86
116
2016
11
46
16
8
120
201
Laget har seks
nolevande æresmedlemar, fem menn og ei kvinne. To 85-90, éin 70-80, to 60-70 og
éin 50-60.
ØKONOMI.
Med auka aktivitet aukar også utgiftene. Då må også
inntektene opp skal ein halde tritt. Største innkoma i 2016 har i særklasse
laget henta frå sponsormidlar og
Førjulsmessa (84 200 netto i 2016). O-gruppa har mellom anna skaffa seg midlar
frå Sparebanken Møre, Sykkylven Energi og eige forbund (meir i O-grupppa si
melding). Hovudstyret har fått inn 28 000 kroner i midlar til
klubbdraktene frå Sykkylven Gjensidige og Hole Maskiner AS. I VIL-målestokk er
det heilt unikt, og nesten sensasjonelt, at vi i løpet av eitt kalenderår har
samla inn ein stad mellom 75 000 – 100 000 kroner i sponsormidlar.
Takk til O-gruppa ved Pernille som viste veg! Elles er Konradløpa, medlemskontingent og «grasrotpengar»
gode inntektskjelder. Den sportslege hendinga som kosta laget mest pengar var
deltakinga i Holmenkollstafetten. Meir om korleis pengane har vorte brukte, i
eit år der utgiftene har vore klart større enn inntektene, under rekneskap.
Oversikt over
grasrotkroner - og grasrotspelarar ved utgangen av året (i parentes):
2009: 15 736 (55)
2010: 23 248 (73)
2011: 23 656 (76)
2012: 26 762 (81)
2013: 19 702 (67)
2014: 17 574 (68)
2015: 16 422 (72)
2016: 18 864
(76)
ARRANGEMENT.
VIL har vore relativt aktive på arrangementssida siste
året, noko som er breiare skildra i gruppene sine årsmeldingar. Fleire
arrangement har vorte meir eller mindre årvisse:
MINIKONRAD
KONRADLØPET
KOLDABAKKEN GRAND PRIX
GRILLKVELD BRUNSTADSÆTRA
AKTIVITETSKVELD (mellom anna med idrettsmerkeprøver)
RAMSTADDALSLØPET
FØRJULSMESSA (VRF og VELLEDALEN SKULEKORPS MEDARR)
ROMJULSMARSJ
«IDRETTSGALLA»
FRIIDRETTSSTEMNE PÅ IKORNNES (medarr.)
FJELLSÆTERCUP (fem renn - samarbeidsprosjekt)
LOKALE O-LØP PÅ DALEMYRA
FJELLSÆTERRUNDEN (samarbeidsprosjekt)
I tillegg nokre mindre arrangement.
NB! Fetvatnet
Rundt, Tomasløpet og Det Store Folkerennet vart ikkje arrangert i 2016.
ANLEGG
Velledalen IL eig som dei fleste veit Dalemyra stadion,
opna i 1971. I starten drifta VIL anlegget og hadde kiosksalet, medan VRF*
betalte baneleige for bruken. Ein del år seinare overtok VRF drift, vedlikehald
og disposisjonsrett medan VIL heldt fram som eigar. Det var i VRF-regi at
Kråmyrabygget kom, og det vart bygt «tribune» og «hus» til innbytarane. VRF
starta nedbygginga av klubben i 2002, same året klubben feira 50 år. Frå 2003
kom FK Sykkylven inn med heimekampar på Dalemyra, og leigde bane av VRF som
framleis drifta anlegget. Kring eit tiår seinare fusjonerte også den
aldersbestemte fotballen i VRF inn i FK Sykkylven-paraplyen. VRF fann - etter
ei tid i tankar - at dei ikkje lenger ville drifte to grasbanar. I april 2016
sa laget frå seg - på dagen - drifta av Dalemyra stadion. Sidan dette var berre
kring ti dagar før seriestart, og VRF hadde avtalt at FK Sykkylven framleis
skulle bruke Dalemyra til trening og kamp, vart ein slik «bråstopp» funnen urimeleg.
Det enda difor med at VRF drifta bana ut fotballsesongen 2016. Den gamle
stadionkiosken, teikna av Kjell Peter Fet på 1970-talet, vart fjerna av Johan
S. Grebstad med støttespelarar sommaren 2016.
Styret i Velledalen IL har gjort vedtak om at Dalemyra
stadion framleis skal vere kamparena, og må driftast deretter. Det er gjort
munnleg avtale med Geir Helge Grebstad om klipparkjøp. Johan S. Grebstad med
fleire vil stå for stell av bana i 2017. Anlegget treng nye mål og kiosksalet
skal tilbake på Velledalen IL sine hender. Det vil bli gjort forsøk på å leige
ut anlegget til andre enn FK Sykkylven.
Mest truleg vil
drifta av Dalemyra representere ein utgiftspost for Velledalen IL dei komande
åra.
*I 1952 gjekk fotballgruppa i Velledalen IL og Fotballgruppa
i IL Ringen (Straumgjerde) saman. Dei tok etter kvart namnet Velledalen &
Ringen Fotballag (forkorta til VRF).
PROFILERING OG
SAMHALD
Etter mange år med prat, lite handling og få meiningar i
Hovudstyret, vart det gjort «gjennomslag» med omsyn til profileringsklede.
Arbeidet vart sett vekk til Anders Wigdahl og Ellen Marie Hole i VIL si
Osloavdeling. Dei såg på ulike vareprøver og kvalitet, valde å frikople
fargevalet frå alle andre lag i bygda, fekk sjølve bestemme design, og valde
Swix som merke-leverandør. Det vart gjort innkjøp gjennom Sport 1-systemet som
sponsa, saman med Swix, Gjensidige Sykkylven og Hole Maskiner AS. I tillegg
sponsa Velledalen IL til medlemar, og slik fekk vi panneband, huer, jakker,
bukser og vestar til kring 35 prosent av ordinær pris. Det viktigaste arbeidet
Hovudstyret i VIL har gjennomført i 2016!
O-gruppa
slengde seg på bølga, overførte design og fargar til Trimtex, og slik vart det
flotte løpsklede for orientering eller andre idrettar der ein må vere meir
lettkledd. Meir kan sikkert vere i vente.
REPRESENTASJON
«Lag på Lag» har ikkje vore i drift i 2016. Samskipnaden
verkar no å vere lagt ned.
Odd Kåre Fet representerte Velledalen IL i styret i
Sykkylven Idrettsråd.
Marit Hole var utsending til generalforsamlinga i
Velledalen grendahus.
Håkon Fedt har vore utsending til generalforsamlinga i
Velledalen Naturbarnehage.
KURS: Velledalen
IL har dekt utgifter til eit todelt Ungdomsleiarkurs i Molde for Emma Holmberg
og Sofie Skylstad Hole i 2016.
HEIMESIDA
VIL fekk eiga heimeside i desember 2007. Den ligg som
link under www.velledalen.net.
Nettsida til Velledalen IL er drifta av Liv og Atle Hole.
Utviklinga år for år ser slik ut:
2008: 4 169 treff
2009: 13 815 treff
2010: 19 164 treff – 294 saker
2011: 27 659 treff – 376 saker
2012: 33 804 treff – 510 saker
2013: 43 037 treff – 488 saker
2014: 42 614 treff – 359 saker
2015: 44 330 treff – 394 saker
2016: 42 872
treff – 386 saker
Vi oppmodar gruppene/medlemane om å bruke sida. Meld alle
resultat og sportslege nyhende.
Sida kan mellom anna vere ei god hjelpekjelde når
gruppene skal skrive årsmeldingane sine.
Velledalen IL kom på Facebook i 2013. Sida vert drifta
frå Oslo og Måløy av «Olatausene» Ellen Marie og Ann-Helen Hole.
31.12.13: 114 «venner»
31.12.14: 222 «venner»
31.12.15: 317 «venner»
31.12.16: 407 «venner»
Nytt liv – yngre
krefter
2016 vart eit positivt år på den måten at nye aktivitetar
kom til, eller at tidlegare aktivitetar vakna til vitalisering og nytt liv
(ungdomstrim og Idrettsskulen). O-gruppa hadde starta året før, men fekk
verkeleg vind i segla i 2016. Det var ingen GOD JOBB av Hovudstyret som gjorde
at Pernille Ibsen Lervåg melde seg til innsats i 2015. Og like eins; Julie
Brochman melde seg utan påtrykk til å starte opp igjen Idrettsskulen, Thorbjørn
Hopland kom og spurde om han fekk starte opp ei gruppe med innebandy, og
Ungdomstrimmen kom og spurde om vi hadde treningstid til dei. Og det var også i
det positive året 2016 at Janne Tomtum lurte på om ein måtte ha spesielle
kvalifikasjonar for å starte opp ei sirkeltrening i regi av O-gruppa.
Men enno sit
forgubbinga djupt i Hovudstyret, langrennsgruppa og friidrettsgruppa. Vi
oppmodar spesielt yngre folk gjere som dei vi har nemnt ovanfor!
Reint sportsleg er der meir å hente. I 2016 er ikkje
lenger året der Sivert og Andreas Mosby Nakken er dei einaste under 15 år som
har representert VIL utanfor Sykkylven kommune, slik dei var i 2015. Men det er
skremande nær at Olaf Øien på 73 år, framleis er topp-3 når vi skal kåre dei
flittigaste til å drage startnummeret over brystet i teneste for Velledalen IL.
Kring halvparten av VIL sine vaksne utøvarar har tilhald på Austlandet.
Vi er framleis solide
på arrangementsida med mange gode tilskipingar under trim&trivsel-fana.
Dette er tiltak som inkluderer alle – unge, gamle, spreke og mindre spreke.
Velledalen IL ynskjer vere eit inkluderande lag. Alle arrangement er rusfrie. Vi
har heidra eit høgt tal jubilantar med gåver og gode ord på nettsida i 2016.
Også gjennom den årlege «Idrettsgallaen» gjer vi stas på mange. Julekort er
delt ut til medlemar og sponsorar, og vi syrgjer med dei vi mister. Æresmedlem
Fridtjof Drabløs gjekk bort i 2016, og vi minnest han med takksemd!
Velledalen IL sine
tre høgast rangerte prisar i 2016:
Vinnar trimpostar:
Inger Anne Riksheim
Årets
Idrettsutøvar: Kjell Magnar Berli
Årets Namn:
Pernille Ibsen Lervåg
Velledalen IL er i sin heilskap tufta på frivilleg
arbeid. Hovudstyret takkar alle som har bidrege i 2016 – spesielt ved tunge
arrangement som Førjulsmessa og Konradløpa, men kanskje like viktig; trufast arbeid
i det stille, heilt utan merksemd. Vi takkar alle trottige slitarar på
trimpostane og ikkje minst statistikkførar Nils Terje Skylstad. Vi avsluttar
meldinga med eitt av friidrettsleiar AP Bøe sine postulat: «God form kan ikkje
kjøpast på blå resept»!
For Hovudstyret
Atle Hole, leiar