Årsmelding frå (hopp-) og langrennsgruppa sesongen 2015 - 2016
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Mar 2017
Langrennsgruppa er
brukbart fornøgd med aktiviteten til seniorløparane som representerte
Velledalen IL i sesongen 2015-2016. Vi har nokre få seniorar som deltek aktivt,
men mellom dei aldersbestemte er aktiviteten alt for låg. Ingen aldersbestemte
løparar representerer VIL på kretsnivå.
Når det gjeld
aktiviteten til sjølve langrennsgruppa, må vi seie oss rimeleg godt fornøgde.
Vi har saman med langrennsgruppa til SIL arrangert TELENOR-Fjellsætercup i
langrenn for andre året på rad i lysløypa på Fjellsætra og saman med SIL, HIL
og IIL arrangert Fjellsæterrunden. Langrennsgruppa har saman med
friidrettsgruppa arrangert Ramstaddalsløpet, eit sosialt arrangement som samlar
folk i alle aldrar. Langrennsgruppa er skuffa over at ''Tomasløpet'' ikkje vart
arrangert i 2016, men vil gjere sitt til at dette er på plass att i 2017.
TELENOR-Fjellsætercup
i langrenn:
For andre året på rad
arrangerte langrennsgruppene til SIL og
VIL langrennscup i lysløypa på Fjellsætra. Vi la opp til fem (5) cuprenn, men
mangel på snø i starten av sesongen, gjorde at vi måtte avlyse det fyrste
rennet. Dei fire siste renna gjekk etter planen, annan kvar onsdag.
Langrennscupen vart avslutta med premieutdeling og sosial samkome på Tandstad
skule onsdag 30. mars. Totalt 62 personar deltok i langrennscupen i sesongen
2016. Tala for året før, 2015, var 120 deltakarar.
Det 3. rennet i
TELENOR-Fjellsætercup vart samtidig arrangert som Bygdamesterskap i langrenn
med SIL som ansvarleg arrangør. Langrennsgruppa til VIL hjelpte til på
funksjonærsida. Til neste sesong, sesongen 2017, er rollene omvendte. Då er det
vi i VIL som er ansvarlege for arrangementet. Då håper vi at SIL stiller opp
som medhjelparar.
Fjellsæterrunden:
Den 37. utgåva av
Fjellsæterrunden gjekk av stabelen på Fjellsætra sundag 28. februar. Skikretsen
hadde terminfesta rennet til laurdag 27. februar, men enorme snømengder gjorde
at vi måtte utsette rennet med eitt døgn. Då vi skulle prøve å køyre opp
løypene på fredagen, snødde løypa att fortare enn vi rakk å køyre... Å utsette
rennet med eitt døgn viste seg å vere lurt ettersom vi fekk flotte forhold
under heile arrangementet, dog med relativt STORE smørjeproblem for mange av
løparane. I motsetning til fjor-året, gjekk Fjellsæter- runden denne gongen i
''originaltraséen med Fitjastølen og to rundar rundt Nysætervatnet.
Rennet vart vunne av Dan Børge Saure frå Bjørke IL på tida 1.27.29
timar.
Som med-arrangør er det skuffande at berre 28 konkurranseløparar stilte
til start i dei ulike klassene. Frå Velledalen IL deltok trioen Kjell Magnar
Berli, Terje Aurdal og Svein Arne Nakken i turrennklassa på 28 km. I Barnas
Fjellsæterrunde deltok heile 130 born mot 84 deltakarar i 2015. I trimklassa
deltok kun 23 startande.
Velledalen IL hadde
som vanleg ansvaret med løypene og å stille med habile løypevakter.
Som vanleg var det
Pål Rune Fet (løypesjef) og Svein Arne Nakken (ansvarleg for sporlegginga) som
tok seg av løypene. Pål Rune hadde samtidig hovudansvaret for tilretteleggjing
og merking av stadionområdet. Vidare har Lars Inge Sæther vore tungt inne når
det gjeld nettregistrering, påmelding og teknisk ansvarleg i sekretariatet.
Langrennsgruppa vil endå ein gong nytte høvet til å få takke
maskinførarane ved Skisenteret for god hjelp med å preparere traséen, og elles
for svært gode løyper i Fjellsæterområdet vinteren gjennom.
Det
Store Folkerennet:
Vart ikkje arrangert i 2016.
Ramstaddalsløpet:
''Stafettettpinnedugnaden''
Ramstaddalsløpet for medlemmer og sympatisørar vart planlagt og gjennomført av
friidrettsgruppa og langrennsgruppa ved Alf Petter Bøe og Svein Arne Nakken i
samarbeid med leiar Atle Hole. Laurdag den 15. oktober kl. 09.30 braut Paul
Hole (87 år) startsnora og løpet var i gong. Etter 4 timar og 44 sekund sprang
ankerguten Anders Brunstad Leirmo over mållinja. Då hadde 55 ulike personar
over like mange etappar delt på å frakte stafettpinnen dei 51 km frå start til
mål. Veret var også denne gongen på vår side med topp haustver.
Etter målkomst var
det samkome på Grendahuset for deltakarane.
Løpstraséen er den
same kvart år:
Joker-Velledalen via
Fjellsæter-området til
Fausaskiftet. Vidare Fasteindalen og Ramstaddalen til Aure. Over Sykkylvsbrua
til Straumgjerde, Straumsheim, Fet og gamlevegen fram att til butikken.
Velledalen IL har hatt desse aktive løparane i
sesongen 2015-2016:
Hilde Riksheim Tandstad, Ellen Marie Hole, Kjell Magnar Berli, Terje
Aurdal, Olav Brunstad og Svein Arne Nakken (alle langrenn) og Jan Ringseth
(hopp).
Velledalen IL har gjennom desse personane vore representert i flg. skirenn
i inn- og utland:
Jan Ringseth i plastbakkeanlegget i Spjelkavik med eit hopp på 20,5
meter.
Svein i ''Marcialonga'' (70 km) i Italia,
Terje i ''Biela Stopa'' i Slovakia (13 km),
Olav i ''Trysil Skimaraton'' i Trysil (42 km),
Kjell Magnar og Svein i ''Furusjøen Rundt'', Kvam i Gudbrandsdalen (45 km),
Kjell Magnar, Terje og Svein i Fjellsæterrunden (28 km),
Svein i ''Vasaloppet'' i Sverige (90 km),
Ellen og Hilde i ''KK-Mila'' i Holmenkollen, Hilde i ''FredagsBirken''
Rena-Lillehammer (54 km), Kjell Magnar, Olav og Svein i ''Birkebeinerrennet''
Rena-Lillehammer (54 km) og Olav i ''Troll Skimaraton'' Ringebu-Sjusjøen (95
km).
I Birkebeineren tok Kjell Magnar sitt 3 merke
og Svein sitt 17 merke.
For detaljar viser vi til arkivet på nettsida
vår:
www.velledalen.net/idrettslaget
Straumgjerde 12. mars
2017
For Velledalen IL,
langrennsgruppa
Svein Arne Nakken,
gruppeleiar.