Årsmelding for friidrettsgruppa 2016
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Mar 2017
MEDLEMAR I GRUPPA:
Alf Petter Bøe, leiar
Olav Strømme
Odd-Kåre Fet
Terje Aurdal
Karstein Magne Jensen
Kjell Magnar Berli
KONRADLØPET.
Deltakinga i Konradløpet i 2016 viste nedgang i høve til 2015. 138 fullførte
MiniKonrad, medan 287 sprang hovudløpet. Medrekna PåskeKonrad, OsloKonrad og
SlovakiaKonrad samla løpa i 2016 den nette sum av 445 deltakarar, mot 511 i
2015. Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL (
17.43), og Ebrahim Abdulaziz, Strindheim IL (
13.30) vart vinnarar med løyperekord i begge klasser.
HOLMENKOLLSTAFETTEN.
Eit av høgdepunkta i gruppa tre siste åra har vore deltakinga i
Holmenkollstafetten. Nok ein gong gjorde VIL sitt blandingslag med spenn i
alder frå 15-61 år ein flott innsats. Sikker premieplass og populær samling på
Bondeheimen etterpå.
Utvikling
Holmenkollstafetten siste tre år:
2014:
Tid:
1.11.52 – premiert og 235.plass i klasse A1 – seks jenter/kvinner på laget
2015:
Tid:
1.07.40 – premiert og 79. plass av 1695 lag i A1 – fire jenter/kvinner.
2016:
Tid:
1.06.44 – premiert og 45. plass av 1152 lag i A1 – tre jenter/kvinner.
RAMSTADDALSLØPET.
Årets stafettdugnad vart arrangert 15. oktober i samarbeid med
langrennsgruppa. 55 personar, både medlemar og andre, deltok. Som vanleg med
solid spenn i alder, denne gongen frå 2-87 år. Pinnen brukte i 2016 fine
4.00.44 på den drygt 50 km lange løypa. Etter løpet var det triveleg
samlingsstund i grendahuskjellaren med kake, kaffi og saft.
SPORTSLEGE PRESTASJONAR:
Når det gjeld prestasjonar av utøvarane våre, må vi
også i 2016 trekkje fram Kjell Magnar Berli. Han gjorde sin beste sesong «ever»,
og vi nemner her fire «juvelar»: Beste mannlege deltakarar og klassevinnar
23-34 år i Ålesund halvmaraton med tida 1.17.33. Nest beste mann i Nibbeløpet
på tida 1.45.14. Nummer tre totalt i Stranda Fjord Trail Race og nummer 6 i NM
Fjelløp Ultra (Hornindal Rundt) på tida 10.31.05. Ny personleg bestenotering
med nær to timar! Ikkje uventa vart Kjell Magnar kåra til «Årets Utøvar 2016» i Velledalen IL under Idrettsgallaen.
Stor honnør til Njål Torillson Tyssing som
sprengde tre timars grensa (2.57.47) under Oslo Maraton. Og til Sverre Gunnar
Brunstad (Brunstadekspressen) – som er VIL-medlem – og som er av dei beste i
kongeriket på lange løp av 1967-årgang. Sverre Gunnar spring for Lørenskog FIL.
MEDARRANGØR:
Friidrettsgruppa i VIL var medarrangør under Panoramaleikane på Ikornnes
stadion. Her må målet vere fleire aktive i 2017.
REPRESENTASJON.
Ser vi vekk frå Holmekollstafetten og Konradløpet, har fylgjande personar representert
Velledalen IL i konkurransar som sorterer under friidrett i 2016:
·
Henrik, August og
Per Inge Bjørnestad
·
Sivert, Andreas
og Svein Arne Nakken
·
Hilde Tandstad
·
Ellen Marie Hole
·
Christina
Holmberg
·
Torild Hole
·
Jørgen Grebstad
·
Olaf Einar Øien - framleis av særs få med full pott i Nibbeløpet.
·
Kevin Storvik
·
Roger Malvin Hole
·
Jens Christian
Hole
·
Njål Torillson Tyssing
·
Karstein Jensen
·
Anders Wigdahl
·
Kjell Magnar
Berli
·
Atle Hole
SKULECUP.
Vi
nemner også at Ildri Bøe har kvalifisert seg til fylkesfinalen i skulecupen i
friidrett (kule). Denne vert arrangert i Molde i april 2017.
Av mindre arrangement
nemner vi Koldabakken Grand Prix – eit årvisst motbakkeløp (sprint) – arrangert
i Nils Skylstad sitt beite på Hole i slutten av mai. Elles har fleire i gruppa
hatt gleda av å hjelpe til under O-gruppa sine løp på Dalemyra i sesongen 2016.
Friidrettsgruppa takkar
dei aktive og alle hjelparane for innsatsen i 2016
For friidrettsgruppa i VIL
Alf Petter Bøe
Leiar