Vert det spelemidlar til O-kart i juni…?

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Mar 2017

Det er Lars Petter Vemøy
ved kulturavdelinga i Sykkylven kommune, som no melder at søknaden vår er komen
til Molde og funnen i orden. For dei som ikkje har skjøna det, så gjeld det
søknad om spelemidlar til O-kart for området Myrdalen/Holenakken.

O-gruppa fekk nyleg
melding om at laget måtte sende inn dokumentasjon på pengegåver frå Sparebanken
Møre og Sykkylven Energi. I tillegg måtte det dokumenterast at Velledalen IL
hadde pengar på konto. Dette har no kasserar Ove Inge Skylstad ordna.

Om det vert spelemidlar på
Velledalen IL v/O-gruppa i 2017, vert avgjort i byrjinga av juni månad. Like
før, 21. mai, får kartet sin elddåp med KM mellomdistanse i samarbeid med
O-gruppa i Emblem IL.