John Sverre Holmberg er dagens jubilant
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Feb 2017
«Reite-Jon» er
kallenamnet. Som betyr at han er frå same bruket som broren, «Reite-Ottar»,
eller sagt på ein annan måte; frå same bruket som Holmbergs Gartneri. Han er
såleis Hole-mann, men bygde seg hus på feil side av elva, på Brøvoll.
I visse krinsar har det
herska tvil om denne guten av 1937-årgang heitte Jon eller John. Alt tyder på
at JOHN er det rette; det står i alle fall på postkassa til jubilanten.
John har alltid likt å sjå
seg om i verda. Også i Amerika, på same måten som Mons-Konrad. Konrad observerte
fenomenet jogging på turen, John vart fasinert av symjebasseng. Alle
amerikanarar med ei rimeleg breial lommebok har basseng.
Vi veit lite om John si
lommebok, men han bygde like godt to. Eitt ute og eitt inne. Somme meinte det
var mest for eigentrening, sidan han var næraste nabo til ei elv der det
formeleg aula med blankfisk på 1960- og 70-talet. Amerikanarane har eigen «pool-boy»,
medan John alltid har vore sjølvhjelpt på området.
Sjølv om John tvillaust er
Velledalen sin bassengbaron, er det lite som tyder på at han er glad i å bade. Mange
i område bada langt meir enn «Reite-guten», sjølv dei åra ein vanskeleg kunne
krysse elva utan å trakke på ein pjakk. Han tok seg heller ei ykt med
hesteskokasting og sosialt preik. Det siste har John alltid vore glad i, og
sterk tilhengar av.
John Sverre Holmberg var
formann (som det då heitte ) i Velledalen IL i åra 1966,1967, 1968 og 1969.
Dette var like etter laget starta med barneidrett – i så måte var 1960-talet ei
pionertid. Han sysla litt med skihopp, i ei tid der mest alle gutar dreiv
skisport. Knut-Edvart var førebiletet.
Sportsleg er han mellom personane med flest
Konradløp i Velledalen. Stiller han i 2017, vert det for 14.gong. Og vi berre minner
om at alle 80 år og eldre, plar bli heidra på scena i grendahuset etter løpet.
Noko å gle seg til!!
Alle som har hatt samtalar
med John – på timen eller lenger – får møte filosofen i han. Han tenkjer eit
utal tankar og har mange idéar. Nokre få vert realiserte. Han vil at det skal
vere triveleg rundt seg, difor kan han finne på å rydde på nøytral grunn, og
han er ein av dei desidert beste flaggarane i Velledalen. Siste åra har han
markert seg med auka lyssetting i den mørke årstida. Klart best på Brøvoll på
feltet, sjølv om han fekk litt hardare konkurranse enn normalt sist adventstid
av ein «heimvendt son». Og han vart slegen av eit par frå Belgia som har slege
seg ned på Holen. Her ventar vi spent på neste trekk.
Vi skal i liten grad kome
inn på møblar og agentverksemd, anna enn nemne at det var livsgrunnlaget
mesteparten av hans yrkesaktive liv. Jubilanten har eit barnebarn som held høg
nasjonal klasse på friidrettsbana, men det er ikkje å stikke under ein stol at
det John aller best likar å framsnakke, er: Korpsmusikk, Svingfoten (nedlagt)
og Trekkspelmusikk. Han frekventerer ulike kulturhus oftare enn velledalingar
flest, for å seie det slik.
Velledalen hadde vore «fattigare»
utan «Reite-Jon». Det er klinkande klart.
Mannen er i høgste grad
skrivefør. Ein sjeldan gong kjem slike skriv «ålmugen» til gode, anten i
Sykkylvsbladet, som eit frittståande flygeblad eller som eit Idrettsminne til
Velledalen IL
Vi legg ved eit skriv signert
John Sverre Holmberg der han tek oss med tilbake til eigen barndom. God lesnad,
og GRATULERER MED 80 ÅRS DAGEN, JOHN!! her