Råsprek jubilant fyller 60 år
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Feb 2017
arkivfoto
Inger Anne Riksheim har
drive idrett i ei eller anna form mest heile livet. Grøngot-Per sytte for at ho
tidleg kom i kontakt med langrenn. Ein idrett ho meistra godt. Det vart eit
utal KM-titlar. Garantert flest i Sykkylven – kanskje også om vi utvidar til
heile Sunnmøre.
I glanstida var ho ein
habil løpar – lange løp helst, for Inger hadde god kondisjon. Og det vart ein
heil del kampar for VRF sitt damelag, sjølv om denne idretten fyrst vart vanleg
mellom jenter etter at Inger var vaksen.
I seinare år har ho
spesialisert seg på motbakke-gåing. Ho har vore så dyktig på dette feltet, at
ho fem sesongar har samla mest poeng i Velledalen IL sine trimbøker. Nærare
bestemt i 2010, 2013, 2014, 2015 og 2016. Somme kunnskapslause trur dette er
ein middelmådig prestasjon. Til dei seier vi; du er velkomen til å prøve deg!
Velledalen IL gratulerer
Inger med jubileumet og håper kneleane held i mange år enno!