Gull-Robert påmeld til Konradløpet 2017
Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Feb 2017
Påmeldingane sig inn til
det 16. Konradløpet. Som vanleg med start frå Brunstad klokka 05.00 1.mai. Ein
av dei som alt har kome på startlista er polakken Robert Rakoczy. Går ein inn
på statistikken for løpet, finn ein at Robert har delteke fem gonger tidlegare.
Og
løp nummer seks betyr at Robert er kvalifisert til Konradmedaljen i gull. Den
må han hente i Velledalen grendahus etter løpet.
Vi veit ikkje, men kan hende vart Robert Rakoczy inspirert av Pe-Tomasz
(også han polakk), som budde i same hus, gamlehuset i Pe-garden på Hjorthol.
Men faktum er at Robert har sett spor etter seg på andre felt enn i Konradløpet.
Han vart nemleg aller fyrste utlending
som vann ein av trimgruppa sine trimpostar (Skogsvegen Hjorthol). Ei bragd han
enno er åleine om.
Robert har også delteke i
Nibbemarsjen i Geiranger, saman med ein stor polsk delegasjon. Biletet av han
er henta derifrå.
Det er ei stor glede å
kunne ynskje Robert Rakoczy velkomen som deltakar i Konradløpet 2017!!