Nytt langtidsvarsel frå klubbmeteorologen

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Feb 2017

Eg har fått spørsmål frå leiaren i VIL om det vert
mogleg å arrangere skirenn på fjellet 25. februar. Til det er å seie at det
er lite truleg at det kjem særleg meir snø før den datoen. Så dersom det
trengs ein del meir snø på Fjellsæter for å få arrangementet i hamn, så bør ein
bu seg på å avlyse.

1.mai er det Konradløp. Almanakken gjev ein nokså
sikker prognose der: Mildt, truleg lettskya, +7 grader ved start. Det kan
vere at det kjem nokre lette regndropar, men ikkje så mykje at ein må ta omsyn
til det.

21.mai er det stort Orienterings-stemne på
Myrdalen. Den datoen er litt vrien. Det eg er rimeleg sikker på, er
at mellom 17. og 27. mai vert det eit par dagar med surt og utriveleg ver med
snøfall, ca. 25 cm på Myrdalen. Mitt tips går på at snøfallet vert
25.-26. mai. Mest truleg vert det relativt surt og kaldt ver sundag 21.
mai, men fullt mogleg å arrangere O-løp. Den snøen som har lagt seg
tidlegare på vinteren er i alle fall borte. Eg ville heller ha lagt
stemnet til 2. helga i juni.

Per-Gunnar Holmberg – klubbmeteorolog VIL