O-gruppa med KM og sentrums-cup.
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Feb 2017
Det skulle vore vinter no - på sitt hardaste. Men det er det definitivt ikkje. Og vi kan forstå om det
kriblar i beina på O-løparar og friidrettsfolk.
Vår ferske – men gledeleg
hardtarbeidande O-gruppe – har massevis av ballar i lufta. At laget vårt, i
samarbeid med Emblem IL, har fått KM i mellomdistanse 21.mai, på det nye kartet
over Myrdalen/Holenakken, kan ikkje sjåast på som anna enn klapp på skuldra for
frisk satsing og godt arbeid frå fyrste dag. Eit arrangement alle delar av
Velledalen IL bør slutte heilhjarta opp om!
I fjor gjekk dei lokale
O-løpa på Dalemyra. Denne våren er dei flytta til Aure, på det nye kartet vi
har fått laga over sentrumsområdet. Sentrumscupen i orientering vert arrangert
på torsdagar slik:
·
27. april - løp 1
·
4. mai - løp 2
·
11.mai - løp 3
Vi kjem sjølvsagt tilbake
med mykje meir stoff om den nye O-cupen når tida nærmar seg. Heilt klart eit
spennande prosjekt for gruppa. Tidlegare har sundarar vist seg som beste
arrangørdagen med omsyn til oppslutning….. korleis vert torsdagen teken mot som
arrangørdag…? Uansett, løp 1 kan nyttast som oppvarming til Minikonrad og
Konradløpet, så her er det berre å leite fram kompasset og pusse løpsskoa!