Ni kvinner på kvar mann.
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Jan 2017
arkivfoto
Det opna med lett mosjon i
Team Bøe frå Fetnausta om føremiddagen. Strid vind, men elles gode forhold,
vert det meldt. Seks deltakarar. Alle menn.
Om ettermiddagen stod
tilboda formeleg i kø. I lysløypa i Ladalen arrangerte SIL/VIL opningsrennet i
Telenor- FjellsæterCupen. Rennet gjekk i fristil. Resultat frå rennet eller tal
på deltakarar har førebels ikkje kome frå langrennsgruppa.
Samstundes med langrennet
var det inne-bandy i grendahussalen. Dette har vorte ein populær aktivitet både
mellom kvinner og menn.
- I går hadde vi 12
spelarar i sving, halvt om halvt med menn og kvinner. Og det dukkar stadig opp
nye, fortel primus motor Thorbjørn Hopland.
Inne-bandy har faste tider
i Velledalen grendahus måndag og onsdag klokka 18.00. I tillegg er dei i sving
enkelte laurdagar, om huset er ledig.
O-gruppa si sirkeltrening
har vorte godt motteken. Her er mannfolka litt på defensiven, men vi trur dei
kjem sterkare frametter vinteren – når dei får tenkt seg om. Ole-Peder Holmberg
har vore der, og er godt nøgd:
- Dette er verkeleg
god trening. Fyrste gongen kjende eg det tre
til fire dagar etterpå. Mest i låra. Armane gjekk greitt. Der er eg
sterk, mykje lemping og mange repetisjonar på flyplassen, fortel Ole-Peder som
i same slengen rosar instruktøren Janne Tomtum.
- Ja, ho er flink.
Eg kan på det sterkaste anbefale denne treninga for gutar/mannfolk. Opplegget
er 50 sekund «på», 10 sekund «av» for byte av øving. Det er sjølvsagt lov å gi
seg før om ein må, seier Ole-Peder som også var på Team Bøe-trening på
føremiddagen.
O- gruppa si sirkeltrening
er kvar onsdag klokka 20.00, og det er lov å kome ferdig oppvarma klokka 20.15.
Fyrste gongen deltok 25 personar, i går 20 – to av dei var hankjønn. Med andre
ord ni kvinner på kvar mann. Mest ikkje skamlaust!
PS. Lurer du på kva aldersgruppe
tiltaket er for…?
Rykta seier at det deltek
fleire tenåringar, medan dei eldste er i klasse 60+ Stort spenn med andre ord.
HIV DEG MED KOMANDE ONSDAG!