Ny maratonløpar i kjømda

Postet av Velledalen Idrettslag den 25. Jan 2017

Det dreier seg om Barcelona
og ein Tandstad-kar. La oss slå fast fyrst som sist at det er ikkje han Per
Svein, sjølv om vi trur han kunne vore truande til det om han hadde vore yngre.

Nei, vi har fått den glade
bodskapen heilt frå Oslo – gjennom han Njål Torillson – at han «Jakob-Jens Jr.»
er klar for 42 195 meter i Barcelona sine gater. Skal vi halde oss til korrekte
namn, har mange sikkert skjøna at vi snakkar om han Jens Bjørlo Tandstad, sonen
til Kjetil og Berit.

Eit kjapt søk i
Konradløpet sin statistikk viser at ein kar ved namn Jens Kristian Tandstad - truleg den same som Jens Bjørlo Tandstad
- gjorde unna løpet på 17.28 i 2013. Såleis burde han vere godt skikka,
sjølv om løpet i Spania er ti gonger så langt. Og det plar vere litt betre «lonk» i Barcelona enn på Brunstad klokka
05.00 om morgonen.

Velledalen IL ynskjer
lukke til, samstundes som vi minner om at bestefar til guten – han «Jakob-Jens
senior» – i unge år var ein habil kombinertløpar.