50 års minne: Viste musklar på heimebane!

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Jan 2017

To store skiløparar i kvar si tid - Bjørn Lade (t.v) og Hans M. Gjedrem deler ut premiar
 Områderennet i hopp den
21. januar 1967 samla 35 hopparar frå seks klubbar. Eit overkomeleg
arrangement. Verre var det dagen etter med KM i langrenn. Ulike løypelengder,
skarpt føre på det vi kallar «hardebree», med 111 fullførande frå tolv ulike klubbar.
Renn av slike dimensjonar var noko heilt nytt for Velledalen IL. Og ja, det tok
si tid!

Start og mål var like ved
Lødøen sitt hus. Rolf Lødøen hadde fått den fine tittel som materialforvaltar i
VIL si nye barne-og ungdomssatsing. Kanskje låg det til «vervet» å finne ein
høveleg stad for arrangementet…?. I alle høve krydde det av menneske rundt «nøvene»
i Bø-tunet denne sundagen. Solfrid Hole var på plass som dalens fremste
representant for dei som skulle heie, og hjartegode fabrikkeigarar på La-sida
av elva heldt med open fabrikk. Smurning av ski skulle skje utandørs, noko alle
naturlegvis ikkje respekterte.

John Holmberg var leiar i
Velledalen IL den gongen. Skal ein tru møteboka var Karl B. Lade både nestleiar
og sekretær. I tillegg var «Brua-Karl» formann (som det då heitte) i Barne- og
Ungdomsutvalet. Johan S. Grebstad (Bolla) var kasserar, medan Jon Hjortdal og
Hallstein Drabløs var dei to siste i Styret.

Den vekkinga for
vintersport mellom dei unge, som rei Velledalen på denne tida, minner litt om
den blesten som O-gruppa har skapt 50 år seinare. «Brua-Karl» var
langrennsporten si tidlege utgåve av Pernille Ibsen Lervåg. Og denne sundagen,
22.januar 1967, viste han for heile Sunnmøre at arbeidet i laget hans hadde bore
frukter. VELLEDALEN IL VAR LOKALT BLITT EI «STORMAKT» I LANGRENN.

  Laget mønstra 18 utøvarar og tok tre
KM-titlar. Ikornnes IL tok like mange. Stranda IL, Ørsta IL og Skodje IL
fekk kvar sine to.

Det vi i dag kallar
sportsdrikk, fanst ikkje for 50 år sidan. Etter innkomst stod nokre kvinner frå
dalen klar med drikke til slitne løparar. Diverre fall ikkje serveringa i like
god smak hos alle. Ein løpar frå Ikornnes IL, KM-vinnar i G 12 år denne dagen,
reagerte slik :



 - 




 Åh, fytti rakkaren,
sa han og kasta frå seg begeret med varm mjølk – etter ein sup.

Urøynde arrangørar tok
ingen sjansar. Difor varte og rakk det med premieutdelinga. Rennkontor var på
La-fabrikken, og der gjekk også deltakarar og føresette og venta. Enkelte
lekkasjar om resultat glapp nok ut av kontoret, men det gjekk fleire timar før
premiane låg i lomma på dei aktive.

HARDE FAKTA FRÅ KM-RENNET 22. JAN. 1967:

Fullførande jenter: 21

Fullførande gutar: 90

Deltakande klubbar:

  Stranda IL, Skodje IL, Langevåg IL, Ikornnes IL, Hundeidvik IL,
Sykkylven IL, Emblem IL, Åmdal IL, IL Ravn, Ørsta IL, Vartdal IL og Velledalen
IL

DELTAKARAR FRÅ VELLEDALEN IL:

J 10 år: Ann Kristin Hole
og Toril Hole

J 14 år: Synnøve Lade

G 8 år: Bjørn Asle Lade og
Svein Bjarte Skylstad

G 9 år: Kjell Nilsen, Jan
Bolstad, Lars Lade og Oddbjørn Lade

G 10 år: Atle Hole og
Oddvar Hole

G 11 år: Hermod Velle

G 12 år: Asle Myhre, Geir
Brunstad og Jan Ove Skogvold

G 13 år: Otto Brunstad og
Kjetil Hole

G 15 år: Arnfinn Brunstad

KJENNINGAR:


Torstein Hole, Stranda IL (G 9 år) og Terje Aurdal, Sykkylven IL (G 13 år)

KM-VINNARAR FRÅ VELLEDALEN IL:

G 8 år: Bjørn Lade

G 9 år: Kjell Nilsen

G 10 år: Atle Hole

Sistnemnde takkar
smørjaren, Torleiv Hole, for gode ski og Solfrid Hole for intense heiarop. Utan
deira hjelp hadde sigersmarginen på tre sekund bikka over til ein strandar.

PS.

50 år er lang tid. Så lang
at somme av dei nemnde i dei to reportasjane frå 1967 har gått bort.

Vi nyttar difor høvet til å minnast desse
personane – vi minnest dei i takksemd:



 ·

  




 Knut Andreas
Hjorthol (aktiv)



 ·

  




 Synnøve Lade
(aktiv)



 ·

  




 Oddbjørn Lade
(aktiv)



 ·

  




 Geir Brunstad (aktiv)



 ·

  




 Karl B. Lade



 ·

  




 Solfrid Hole



 ·

  




 Jon Hjortdal



 ·

  




 Hallstein Drabløs



 ·

  




 Fabrikkeigarane Arne,
Hjalmar og Martin Lade