Konradløpet sine 19 nasjonale rekordar
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Jan 2017
Konradløpet har 19
nasjonale rekordar. Deltakarar frå fleire nasjonar har vore med, men sidan det
berre er tidtaking på ca 1/3 av deltakarane, glepp mange unna. Er ein ikkje
mellom dei som får tid, kan ein heller ikkje sette nasjonal rekord. Så enkelt
er det.
I år har vi for fyrste
gong deltaking frå Belgia. Stijn De Smedt bur på Holen i Velledalen, er rimeleg
sprek, og vil ganske sikkert gli inn på lista. Om han ikkje forsøv seg, då. Så
etter alle solemerke vil vi ha minst 20 nasjonale rekordar etter årets løp.
Den eldste nasjonale
rekorden skriv seg tilbake frå 2004, sett av Georgi Todorov. Dreng i Tøsten-garden
på Brunstad - frå Bulgaria. Truleg vil
den overleve då det har vore skrint med bulgararar i Konradløpet. Merk at heile
seks av dei nasjonale rekordane vart sette i 2016, mellom dei vår eigen
Pernille Lervåg.
At den danske rekorden i
løpet lyder på 18.13, medan den svenske er på meir bleike 24.48, er knappast
skamlaust for svenskane sin del. Om dei kjem seg opp om morgonen 1.mai og får
gjort naudsynte justeringar står att å sjå. Elles er det verdt å merke seg folk
frå Stranda kommune har den norske bestetida både for kvinner og menn (Kristine
Hjellbakk Hole og Knut Anders Hatlen). I tillegg bur rekordhaldarane frå
Nederland og Litauen også på Stranda.
Her er dei nasjonale rekordane:
13.30: Ebrahim Abdulaziz,
Eritrea, (2016)
14.48: Knut Anders Hatlen,
Noreg, (2012)
16.34: Michael Uhlar,
Tsjekkia, (2010)
17.02: Jonas Siurskas,
Litauen, (2016)
17.55: Niek Schreijer,
Nederlang (2014)
18.12: Daryl Matthews,
Australia, (2009)
18.13: Pernille Ibsen
Lervåg, Danmark, (2016)
19.03: Mateusz Wojcieh
Oskiewicz, Polen, (2016)
20.15: Sharon Svedgård,
Jamaica, (2016)
20.24: Olga Sørensen, Russland, (2015)
20.29: Fadel Traore, Elfenbeinskysten, (2007)
21.17: Georgi Todorov, Bulgaria, (2004)
21.51: Irrfe Renz Bagol, Filippinane, (2009)
22.07: Martin Lotz, Tyskland, (2010)
22.16: Victor Scattergood, England, (2009)
24.09: Mehyar Zarzar, Syria, (2016)
24.09: Chris Aggerholm, USA, (2007)
24.44: Ilyas Degirmenci, Tyrkia, (2006)
24.48: Joakim Mårtensson, Sverige, (2008)
Påmeldingane til løpet
1.mai 2017 har byrja sige inn. Hittil er tre nasjonar representerte – Belgia,
Polen og Noreg.
Linken til påmeldinga finn
du på frontsida – der kan du også sjå namna på dei som alt har meldt seg på.
Velkomen til Konradløpe nummer 16 – hugs at farta
langt frå er det viktigaste!