Skisesongen i gang
Postet av Velledalen Idrettslag den 12. Jan 2017
arkivfoto
OBIK Milsluker’n
Skikarusell 2017
Onsdagskvelden 11.januar var to utøvarar frå Velledalen IL
påmelde til 10km langrenn i Bedriftsidretten Oslo sin vinterkarusell. Løypa var
3x3km, på grunn av snømangel i hovudstaden. Føret var svært krevjande, noko som
gav begge løparane utfordringar med smurning og feste.
Den eine løparen hadde også klart å leggje eit solid lag med
is i klisteret i løpet av løpet. Uklart om dette skuldast ski-tekniske
svakheiter eller om smørjeteamet kan ta skulda. Lite truleg det siste
alternativet, ettersom begge løparane fekk lagt lik smurning av det erfarne
temaet til Milsluker’n rett før rennstart.
Føret var likevel av det ufyselege slaget. Våt snøv,
oppkøyrde løyper, manglande spor, lett snøvêr og til tider svak belysning.
Sjølv om det ser ut på papiret at begge utøvarane gjorde ein
god figur i løypa, så er dette berre på papiret.
Begge løparane har tidlegare vore i Holmenkollen for å teste
rulleskiløypa. Etter at godstoga Martin Jonsrud Sundby og Hans Christer Holund
kosta forbi, og ingen andre amatørar var å sjå i løypa, trygla den eine
utøvaren frå VIL om å få fare heim igjen. Bakkane inne på sjølve
stadionanlegget var rett og slett for farlege for ein fersk rulleskiløpar.
Flata inn mot skiskytterblinkane gav meir enn nok fart (som dykk sikkert har
sett på TV er dette ei ganske flat flate).
Og skrekken ramma dei eine VIL-løparen igjen. Denne gongen venta
ikkje berre bakkane inne på sjølve stadion, men også elles i
Holmenkoll-anlegget. Etter å ha overlevd ein heil runde, kunne ein heller ikkje
puste letta ut. Dei same bakkane skulle eigentleg rennast to gongar til.
Løparen vart faktisk så redd at bremsene var på større delar
av løpet, i motsetning til gassen som nesten ikkje vart teken i bruk. Pulsen
var faktisk så låg at løpet må reknast som ei restitusjonsøkt. Den andre
løparen derimot pusha godt på heile vegen og rapporterte om brennande lunger
etter målgang.
All honnør til Heidi Weng og alle dei andre skistjernene som
kvir seg for utforkøyringane som møter dei i verdscupen, men likevel presterer
på eit så høgt nivå!
Den redde løparen klokka inn heile 1 min betre enn den andre
løparen til VIL, som faktisk gjorde ein god figur. Ein fantastisk prestasjon,
om ein ser bort i frå at den redde løparen berre fullførte 2 av 3 rundar. Den
redde løparen vart uansett ståande som klassevinnar i si klasse, som einaste
deltakar.
Om begge løparane kjem til å representere Velledalen IL i
eit skirenn igjen er uvisst. Eksponeringsterapi i utforbakkar er neppe rette
medisin, og utøvaren vil heller i tida framover søkje seg mot flate
langrennsløyper.
Til tross ei litt dårleg oppleving i langrennssporet, så er
vi glade for å få representerte Velledalen IL. Kanskje gjorde ikkje begge løparane
dette på ein optimal måte denne gongen, men vi er glade for at VIL likevel set
pris på og har rom til begge.