Christina «Årets Stayer» i 2016

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Jan 2017

Christina viste seg som
ein «stayer» ved fleire høve i 2016. Mellom anna gjennomførte ho ein kald
skitur (minus 36 på det kaldaste) på Finnmarksvidda saman med systra, Emma.
Turen fann stad dei fyrste dagane av året 2016, og gav Emma prisen «Årets Stunt
2016» under Idrettsgallaen.

Men det var i Hornindal
Christina verkeleg vart «stayer». I juli månad, under NM i Fjell-løp ultra
(Hornindal Rundt). Som betyr 75 km lang løype med 20 kontrollpunkt på ulike
toppar, eller sagt på ein annan måte; 5600 høgdemeter skulle forserast.

Christina greidde brasane. Klokka stoppa på
25.25.57 – 25 timar, 25 minutt og 57 sekund. DÅ ER EIN «STAYER»! Ho starta
klokka 08.00 om morgonen og kom i mål
kring 09.26 dagen etter. Var altså ute heile natta, og vêret var slett ikkje
det beste heile døgnet. Når ein då ikkje gir opp, ja, DÅ ER EIN «STAYER» I
ORDETS RETTE FORSTAND.

Så vidt vi veit, har aldri
nokon utøvar som har representert Velledalen IL hatt ei tidtakarklokke «hengande
over seg» i 25.25.57 i ein seriøs konkurranse.

Elles er Christina kvinna
bak Slovakia-Konrad, ei grein av Konradløpet. I 2016 var det løpet i Slovakia
som hadde den største prosentvise veksten av Konradløpa