O-gruppa markerte seg igjen - no på Idrettsgalla!

Postet av Velledalen Idrettslag den 7. Jan 2017

At Pernille Ibsen Lervåg
vart kåra til «Årets Namn» i Velledalen IL 2016 var ikkje spesielt
overraskande. Heller ikkje at O-gruppa fekk prisen som «Årets Suksess 2016».

O-gruppa samla nemleg 234
startande born på sine fire lokale løp i området rundt Dalemyra. Gruppa har i
tillegg hatt o-opplegg for barnehagar, barneskular og vidaregåande skular. Dei
har kursa folk lokalt og delteke i kurs i kretsregi andre stadar. Gruppa har
designa eigne løpsklede i stil med Velledalen IL sine. Arbeidet med nye kart
har heile tida hatt høg prioritet, noko som har kosta pengar, men gruppa skal
ha stor ros for langt på veg å ha vore sjølvfinansierande. Dei har fått eit
stort knippe deltakarar med på kretsløp i orientering, mellom anna
storopplegget Fjord-O sist sommar.

Med andre ord: På
rekordtid har dei fire kvinnene i gruppa skapt ei vel-fungerande O-gruppe som
vart lagt merke til. Langt utover eiga bygd. Både på krets- og forbundsplan har
nye aktørar vorte vel mottekne. Så bra har dei jobba at sjølvaste O-forbundet
kom på vitjing med to personar til Velledalen. Denne stor-hendinga fann stad 1.
oktober 2016.

På bakgrunn av alt dette, var
det nærast som venta at Pernille vart «Årets Namn 2016» i Velledalen IL. Pernille
Ibsen Lervåg har vore engasjert primus motor i det enormt store, og gode
arbeide gruppa har lagt ned. Aldri kvilande og på «alerten» heile året.

VIL-Nett veit at det er uråd å
karakterisere Pernille med få ord. Men slik vi kjenner henne prøver vi med:

  IDÉRIK, HANDLEKRAFTIG OG INKLUDERANDE.
   
   

Velledalen IL gratulerer
Pernille, Janne, Merete og Anne Grete – og alle hjelparane deira – med særdeles
fortente prisar!

PS. Og vi veit at gruppa
har lagt nye planar - som inkluderer mange av oss - for 2017