Sterkt år av Brunstadekspressen

Postet av Velledalen Idrettslag den 5. Jan 2017

arkivfoto
Det har vore stille kring
Brunstadekspressen sine sportslege prestasjonar siste tida. Men i april 2016 sprang Brunstadekspressen
heilmaraton i Warszawa på 2.39.11. Det heldt til 4.plass på statistikken for
dei beste maratontidene i klasse 45-49 år i 2016. Der 49-åringen med opphav frå
Bø-garden på Brunstad altså konkurrerer mot fire år yngre utøvarar.

På halvmaraton er
Brunstadekspressen enno kvassare. Her gjorde han sterke 1.16.04 i Drunen. Ei
tid berre to personar i landet stiva i klasse 45-49 år. Raskast i landet på
distansen var Jon Per Nygaard med 1.14.23.

Vi nemner og at Sunnylven
IL si Kari Anne Tryggestad Ryste er inne på 15. plass i tilsvarande
kvinneklasse med 3.32.27 som bestetid på maraton i 2016.

Ved årsskiftet jumpa
Sverre Gunnar Brunstad opp i klasse 50-54 år, og er no yngste årsklasse der.
Held han seg frisk og skadefri, er nye toppresultat i vente. Brunstadekspressen
er VIL-medlem og hjelper oss i Holmenkollstafetten, men spring normalt sett for
vel-renommerte Lørenskog FIK.