«VIL-gutar» spring halvmaraton 4.juledag.
Postet av Velledalen Idrettslag den 27. Des 2016
arkivfoto
Start og mål er på Moa. Maratondistansen
(42 195 meter) har start 10.00, halvmaraton klokka 12.00. I skrivande
stund er Olaf Einar Øien og Per Inge Bjørnestad påmelde frå vårt lag. I tillegg
deltek friidrettsleiar Alf Petter Bøe for Rindal IL.
Ålesund Maraton kan slå i
bordet med ein svært omfattande statistikk. Når det gjeld halvmaraton fryktar
vi at den ikkje er heilt rett. Dei opererer nemleg med ein kar som heiter Olav
Øien med fem deltakingar og ein som heiter Olav Øyen med to. Truleg er dette
same mann, men som faktisk har Olaf Øien som rett namn. Vi trur difor det er
vår mann, Olaf Øien, som sprang på 1.22.34 i 1992, den gongen han var på same
alder som Per Inge og Alf Petter.
Skal vi elles tru statistikken har unge
herr Bøe delteke berre ein gong tidlegare, i 2011, med 1.18.57 som resultat.
Per Inge Bjørnestad debuterte i vår med 1.22.16.
Men det mest
oppsiktsvekkande i statistikken – sett med Velledalen IL auge – er at Konrad
Brunstad deltok i 1995, 1996, 1997 og 1998. Bestetida til Konrad vart sett i
1996 med 2.48.30
DÅ VAR KONRAD 86 ÅR!!
Konrad debuterte altså som 85-åring, og
gjorde sitt siste løp i ein alder av 88 år. Uansett ein kvass prestasjon som
vitnar om stort livsmot!
Måtte vår trio kjenne
Konrad sin spirit i løypa i morgon – lukke til!!