74 gjekk romjulsmarsj 2. juledag

Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Des 2016

Trimgruppa i Velledalen IL
fekk avvikla sin romjulsmarsj nummer 37 utan problem 2. juledag. Litt snø og
småsørpete på vegane, men ikkje særleg glatt. Faktisk heilt OK forhold.

Trimgruppa hadde som
vanleg alt på stell med velsmakande kaffi og påsmurd mat med godt og variert
pålegg. Ved registreringa var det lett servering av sitrusfrukt. På veggen hang
oppslag over trekte premiar på alle 14 trimpostane til laget, som i 2016 samla
over 17 000 noteringar

74 frammøtte er så vidt tilfredstillande,
men langt frå eigna til begeistring. Naturleg nok, sidan talet er det lågaste
nokon gong. Trimgruppa melder at Hole-folket stod for den beste deltakinga, med
representasjon frå fleirtalet av husstandane.

PS: Dei firebeinte
deltakarane, som vi observerte minst fem av, er ikkje med i deltakartalet på 74.