VIL-medlemar med langt ekteskap

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Des 2016

Magnar vert 90 år i 2017.
Det skulle ein aldeles ikkje tru, men det er eit faktum, 15.juli 2017 er
datoen.

I unge år var Magnar ein
dugande idrettsmann for Velledalen IL. Han er framleis den skihopparen i laget
som har hoppa lengst i renn (Hornindal 1953). Men han var fyrst og fremst
allsidig.

Ein gong spurde eg han fagleg
sterke «Knut-Ole» (Ole L. Hole), kven han meinte hadde vore Velledalen IL sin
beste idrettsutøvar etter andre verdskrig. Dette var truleg på 1980-talet, og
Ole vart nok i «tvende tvil», for han tok ein lang kunstpause, rulla seg ein
gul mix, og gjekk ned på huk før han svara:


 -  Eg held enj knapp på nå Magnar ne på Fet. Førdi han va
so allsidige.

Slik lydde svaret, og når
Ole tok allsidige i sin munn, tenkte han slik: Magnar var ein dugandes
skihoppar, han var mellom alpin-pionerane i dalen, ein dyktig fotballspelar og
ein særdels sterk løpar (vart sysla ganske mykje med stafettar på denne tida).

Kvinneidretten kom fyrst
etter Margit si glanstid, men ho var fyrste kvinne i Velledalen IL som tok på
seg startnummer i eit bygdameisterskap i alpint. Det var i 1951. Ho held enno
koken som mosjonist, og var trygt inne på topp-5 lista på trimposten «Skogsvegen
Fet» i ein alder av 87 år. Saman med Kjellaug Ulset var ho åleine om å greie dette
i framskriden alder i 2016. Kanskje vil det vanke heider til dei to kvinnene
under VIL sin «Idrettsgalla» fyrste helga i januar.

Med ein samla alder på
kring 176 år – kven skulle tru det – er Margit og Magnar det eldste paret i VIL
sin medlemsflokk. Magnar er til og med æresmedlem i Velledalen IL, og han
køyrer bil som ein 25-åring, skal vi tru kona. Sjølv er han meir smålåten:


 -  Eg har halde meg
på vegen til denne tid, fortel han då VIL sin utsende er på vitjing for å dele
ut ei sponsor-asalea frå Holmbergs gartneri. Ei påskjøning alle klubben sine
æresmedlemar og gruppeleiarar/idrettsskuleleiar vel fortent får til jul.

GOD JUL, OG HIPP, HIPP
HURRA FOR MARGIT OG MAGNAR!!

Atle Jomar