Solveig Olsen nr 3 med 2440 poeng
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Des 2016
Solveig Olsen hadde ein
knallsesong i 2015 med 461 turar og 3223 poeng. 457 av turane gjekk til Bruna
trimpost. Dette heldt berre til tredjeplass i eit år der «palltrioen» gjekk på
høgoktan. Nivået i toppen må omtalast som skyhøgt!
Vi tippar Solveig Olsen
vert ein smule overraska, når vi no kan melde at ho fekk same plassering i
2016. Overraska fordi ho har gått 110 turar mindre – frå 461 i 2015, til 351 i
2016. 3223 poeng i 2015 vart til 2440 i 2016. Men tredjeplassen tok ho, med god
margin.
Statistikkføraren har funne fylgjande turar på Solveig
sitt rulleblad i 2016-sesongen:
·
346 til Bruna
trimpost
·
4 skogsvegen Drabløs
·
1 Myrdalsfjellet
Åtte av namna på topp-10 samanlagt 2016:
3. Solveig Olsen – 351 turar
– 2440 poeng
4. Arnhild Linga – 257 turar
– 2128 poeng
5. Ivar Arne Flo – 292 turar
– 2044 poeng
6. Kjell Olsen – 256 turar
– 1792 poeng
7. Linda K. Øye – 179 turar
– 1599 poeng
8. Elling Hole – 246 turar
– 1596 poeng
9. Ingrid Brudevoll – 343 turar
– 1587 poeng
10. Grethe R. Fet – 388 turar
– 1576 poeng
Ei ekstra fjør i hatten
til ekteparet Olsen, med både Solveig og Kjell trygt inne på topp-10. Den
prestasjonen heng høgare enn folk flest er klar over!
PS:
Vi
minner om at alle feil som vert funne i samband med trimpostresultat for
sesongen oktober 2015 til oktober 2016 skal meldast til Nils Terje Skylstad.