2128 poeng for Arnhild på 4.plass

Postet av Velledalen Idrettslag den 1. Des 2016

arkivfoto
Til liks med Linda Øye har
Arnhild skugga unna 2-poengs turane. Hadde vi statistikk på kven som har mest
trimpoeng sidan oppstart-året med trimpostar, trur vi Arnhild Linga hadde vore
i tet. Ho har vore særdeles jamn, og samanlagtvinnar ikkje mindre enn fire
gonger; i 1999, 2000, 2001 og 2004. Og det er verdt å merke seg at ho alle
vinnaråra hadde mindre poeng enn i 2016, då ho altså vart nummer fire med 2128
poeng etter 257 turar. Nivåhevinga er med andre ord markant!

Arnhild sine turar i 2016:


 ·
  

 116 turar til
Brunstadsætra


 ·
  

 92 turar til
Vellesætra


 ·
  

 30 turar på
Brunstadkølen


 ·
  

 11 turar på
Holetindane


 ·
  

 6 turar på
Myrdalsfjellet


 ·
  

 2 turar i
Regndalen

Topp-10 trimpostar Velledalen IL 2016:

4. Arnhild Linga – 257 turar
– 2128 poeng

5. Ivar Arne Flo – 292 turar
– 2044 poeng

6. Kjell Olsen – 256 turar
– 1792 poeng

7. Linda Øye – 179 turar - 1599 poeng

8. Elling Hole – 246 turar
– 1596 poeng

9. Ingrid Brudevoll – 343 turar
– 1587 poeng

10. Grethe R. Fet – 388 turar
– 1576 poeng

Då står berre «pallen» att
– følg med!