Ivar Flo auka doseringa og vart nr.5

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Nov 2016

arkivfoto
I 2015 hadde Ivar 264
turar til posten i Riksheimdalen og vart nummer 5 på topp-10 lista. Dette året
auka han til 292 turar – og 2044 poeng – og var framleis nummer 5.

Kanskje er det heilt
tilfeldig, kanskje ikkje, men faktisk har Ivar Arne Flo skrive seg inn i
Velledalen IL sine trimbøker
  nøyaktig
1100 gonger i løpet av dei fire siste åra. Statistikkførar Nils Terje
Skylstad sine tal er som fylgjer:


 ·
  

 2013: 257 turar


 ·
  

 2014: 287 turar
(nr. 3 på topp-10)


 ·
  

 2015: 264 turar


 ·
  

 2016: 292 turar

Samla altså 1100 turar i
løpet av fire år. Kort og godt IMPONERANDE!!!

Nedre del av topp-10 lista for VIL sine trimpostar i
året 2016:

5. Ivar Arne Flo – 292 turar
– 2044 poeng

6. Kjell Olsen – 256 turar
– 1792 poeng

7. Linda Kristin Øye – 179
turar – 1599 poeng

8. Elling Hole – 246 turar-
1596 poeng

9. Ingrid Brundevoll – 343
turar – 1587 poeng

10. Grethe R Fet – 388 turar
– 1576 poeng