Jobb i valkomitéen….?
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Nov 2016
Velledalen IL skal ha
årsmøte 14 mars. Under styremøte rett før helga vart det bestemt at Ove
Skylstad – som har kontroll på medlemslista – skal kome med forslag på tre
habile personar. Minst den eine skal ha bustad utanom Velledalen.
I VIL er det slik at
gruppene hjelper til med arbeidet i eiga gruppe. Gruppeleiar i Idrettsskulen,
Julie Brochman, melde frå om at ho sjølv ville ordne med Idrettsskulen sitt
styre. Difor er dette ei overkomeleg oppgåve.
Likevel trur vi herr Ove
Skylstad vil bli både overraska og glad om nokon melde seg til teneste av eigen
fri vilje. Vi har med dette sådd frøet, sjansen din til å påverke ligg der - vidopen om du tek den
PS: Kan du tenkje deg eit
verv i laget i 2017 så meld frå til valkomitéen når den er stabla på beina,
eller til sekretær Åshild Kristoffersen.