Skyhøgt nivå – Grethe Fet nr. 10 med 1576 poeng
Postet av Velledalen Idrettslag den 23. Nov 2016
arkivfoto
Nivået dreg seg til.
I fjor tok Ingrid
Brudevoll 10.plassen med 1427 poeng. Det høgaste poengtalet nokon gong for ein
10. plass. I år tok Grethe Ramstad Fet denne plassen med 1576 poeng!! Ho gjekk
ikkje mindre enn 388 turar, av desse 334 til posten i enden av skogsvegen Fet.
Utanom dette var skogsvegen Drabløs (31), Brunstadsætra (7) og Vellesætra (5)
dei mest vitja turmåla. Men Grethe var på alle postane i løpet av sesongen - som den einaste på topp-10 lista. Ein særdeles flott prestasjon!
Vi gratulerer Grethe med
ein framifrå sesong, og minner om at det vankar premie under VIL sin
Idrettsgalla, som trimpostvinnar 2016 i skogsvegen Fet.
10. Grethe Ramstad Fet
1576 poeng
Følg med, i morgon vert utøvaren på plass nummer
9 presentert