Velledalen IL takkar for 17 071 trimpost-noteringar

Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Nov 2016

Siste dagane har vi levert
dei trufaste lesarane våre tala frå dei ulike trimpostane – 14 i talet – for siste
året. Frå Høgsætra på botn av skalaen med berre 104 noteringar, til «goposten»
i Straumgjerde med 4144. Samla har vi 17 071 noteringar i 2016 – opp 974
frå året før. Berre 2014 er betre med sine 17 956 noteringar.

Samla noteringar for alle trimpostar siste fire år:

2013: 14 818 noteringar

2014: 17 956

2015: 16 097

2016: 17 071

Ein viktig faktor opp i
dette er snømengda om vinteren. Rekordåret 2014 hadde ein snøfattig vinter i
låglandet. Mange av postane var mogleg å nå stort sett heile året. Andre år kan
det for dei fleste postane sin del, vere full stogg deler av vinteren. Slikt
gir utslag, og tala må sjåast i lys av dette. Det treng ikkje betyr at folk har
blitt kolosalt mykje meir sugne på rørsle i 2016 i høve til 2013, sjølv om det
skil over 2 200 noteringar på dei to åra.

På grunn av nokre delte 5.
plassar, står det 72 namn på topp-5 listene frå dei 14 postane i 2016. Stor,
stor honnør til Ove Magnus Ødegård som er yngstemann på listene, saman med
Erika Weiberg-Aurdal. Begge i fyrste halvdel av 20-åra.

Like eins ein kjempehonnør til dei to
eldste; Margit Fet og Kjellaug Ulset, begge i siste halvdel av 80-åra!

Diverre er ingen born/tenåringar å finne på
trimgeneral Skylstad sine lister. Håper nokon rettar på dette i 2017.

Velledalen IL takkar store
og små bidragsytarar i 2016. Og hald fram det gode folkehelsearbeidet – aller mest
for din eigen del!

PS.
  Har
nokon funne feil på tala som har blitt presentert….? Kontakt i så fall Nils
Terje Skylstad. Om få dagar kjem presentasjonen av topp-10 lista samanlagt, og som
vanleg startar vi bakfrå, med plass nummer 10.