Framleis stor turglede i Straumgjerde
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Nov 2016
Vi gratulerer Bruna
trimpost og folket i Tandstad krins med ny triumf på trimfronten. Nok ein gong
er posten klart størst vedkomande besøk av Velledalen IL sine 14 postar. 4144
noteringar er meir enn 1100 føre hardaste konkurrent, som i 2016 var
Brunstadsætra med 3026 boksigneringar.
Vi skreiv sist at Inger
Anne var eit godt trimnamn, og har dekning for det. Med Inger Anne Riksheim som
mestgåande i Straumgjerde og Inger Anne Brunstad som den trottigaste på
Brunstadsætra. Det pussige er at linene óg kan dragast ned til tredje beste
posten, vunnen av Ivar Arne Flo. Du tok den; førenamn på I og mellomnamn på A,
akkurat som dei to kvinnene. Dei er truleg esla til det…
Fire av topp-5 på Bruna
trimpost overlevde frå 2015. Ann Merete Hjorthol (nr 2 i 2015) er erstatta med
Anita Johansen på femte plass. To blad Olsen og Anita Mosby Nakken har løfta
seg ein plass opp. Merk også at vinnaren har hatt ei nedtrapping frå 554 turar
i fjor til 483 dette siste året. Det er dette ein kallar gåglede.
Her er topp-5 2016 på Bruna trimpost:
483 turar: Inger Anne Riksheim
346 turar: Solveig Olsen
256 turar: Kjell Olsen
203 turar: Anita Mosby
Nakken
173 turar: Anita Johansen
Bruna trimpost siste fire år:
2013: 3999 noteringar
2014: 4108
2015: 4482
2016: 4144
Velledalen IL sine 14 trimpostar rangert etter besøk i
2016:
1.
Bruna trimpost 4144 besøk – vinnar Inger Anne Riksheim
2.
Brunstadsætra 3026 – Inger Anne Brunstad
3.
Dammen Riksheimdalen 1680 – Ivar Arne Flo
4.
Vellesætra 1591 – Geir Olav Drabløs
5.
Sætreelva i Holemarka 1184 – Elling Ivar Hole
6.
Skogsvegen Fet 1088 – Grethe Ramstad Fet
7.
Skogsvegen Hjorthol 1021 – Anita Hjorthol
8.
Myrdalsfjellet 849 – Elling Ivar Hole
9.
Koppen 708 – Åge Vanebo
10.
Skogsvegen Drabløs 627 – Annlaug Lervåg
11.
Regndalen 483 – Geir Olav Drabløs
12.
Hytta Brunstadkølen 403 – Frode Linga
13.
Holetindane 163 – Nils Terje Skylstad
14.
Høgsætra Fet 104 – Per Svein Fet
Trimpostvinnarar etter kjønn i 2016:
KVINNER – MENN 5-9
Det
ryktast at kvinnene har gått hardt ut i den nye sesongen, og alt er i leiing på
fleire postar vunne av menn i 2016.