Sterk Førjulsmesse 2016 – Arrangørlaga takkar!

Postet av Velledalen Idrettslag den 17. Nov 2016

Dei tre arrangørlaga har
fire inntektspostar under Førjulsmessa


 ·
  

 Matsal


 ·
  

 Standleige


 ·
  

 Tombola


 ·
  

 Basarbøker

Største utgiftspostane er:


 ·
  

 Innkjøp
mat/drikke


 ·
  

 Husleige
Velledalen grendahus


 ·
  

 Annonsering

ARRANGØRLAGA TAKKAR!

Det starta med alle
utstillarane som melde seg på (over 40 i talet). Så kom gjengen som gjekk med
basarbøker i aksjon. Det vart levert kring 1000 tombolavinstar og baka over 60
kaker. Mange var i sving med opp- og nedrigging, kjøkkenteneste og
tomboladrift. Takk til vaktlaga som var i sving og ikkje minst til publikum.
Som møtte talrike fram til kaffikjøp og anna handel.

Mange messer

Vi flytta i år vår messe
ei helg fram, for ikkje kollidere med cupfinalen. Men vi kolliderte med
Bigset-messa på Hareid. Hadde vi arrangert på vår vanlege helg (3. helg i
november), hadde vi kollidert med Brandal-messa (55 utstillarar), Ørskog-messa
og Vestborgmessa på Stranda. Det er med andre ord mange om beinet.

Takk til Jarle!

Altfor ofte i 2016 når ein
skal leige grendahuset er det ugreie med lyden. Slik også denne gongen. Og det
er nesten tragisk å måtte innrømme det; den gongen grendahuset var nytt
(1980-talet) og ein hamna i slikt uføre, var det Jarle Lade som vart kontakta.
I 2016 er det framleis Jarle Lade som må rykkje ut ……..kan mest synast som eit
livslangt frivillig verv….

TAKK JARLE – DU ER SANNELEG GULL VERDT I
LOKALMILJØET!!