Inger Anne er godt trimpost-namn

Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Nov 2016

I 2015 hadde vi fem kvinner på topp-5 på denne posten. Fire av dei «overlevde»
i 2016. Men Veronika Ulriksen måtte vike plass for Geir Olav Drabløs.
 Han vart nummer to på posten med fine 175 turar. Post-vinnar
vart Inger Anne Brunstad, akkurat som i 2015. Då hadde ho 172 noteringar. Denne
sesongen auka ho til 228.

Elles bør ein merke seg at
Linda K. Øye tok ein ny pall-plass. Ho har vore best i VIL-Styret på
trimpostane i 2016, og greier kanskje ein plass på topp-10 lista samanlagt. Der
er det berre dei trottige som hamnar.

Topp-5 Brunstadsætra 2016:

228 turar: Inger Anne Brunstad

175: Geir Olav Drabløs

122: Linda Kristin Øye

116: Arnhild Linga

90: Torhild Skogvold

Brunstadsætra siste fire år:

2013: 2460 noteringar

2014: 3431

2015: 2866

2016: 3026

Som ein ser ein liten
framgang i høve til 2015, men klart bak 2014.

Trimpostrangering etter besøk i 2016:

2. Brunstadsætra 3026 – Inger Anne Brunstad

3. Dammen Riksheimdalen
1680 – Ivar Arne Flo

4. Vellesætra 1591 – Geir Olav
Drabløs

5. Sætreelva Holemarka
1184 – Elling Ivar Hole

6. Skogsvegen Fet 1088 – Grethe Ramstad Fet

7. Skogsvegen Hjorthol 1021 – Anita Hjorthol

8. Myrdalsfjellet 849 – Elling Ivar Hole

9. Koppen 708 – Åge Vanebo

10. Skogsvegen Drabløs 627 – Annlaug Lervåg

11. Regndalen 483 – Geir Olav
Drabløs

12. Hytta Brunstadkølen
403 – Frode Linga

13. Holetindane 163 – Nils
Terje Skylstad

14. Høgsætra Fet 104 – Per
Svein Fet

Trimpostvinnarar etter kjønn i 2016:

KVINNER – MENN 4 - 9