O-gruppa med Førjulsmesse-aktivitet

    Postet av Velledalen Idrettslag den 10. Nov 2016

    O-gruppa melder at dei vil
    snekre saman eit aktivitetstilbod for born komande laurdag (12.nov). Dei melder
    fylgjande:


     -  O gruppa vil
    sette opp ei løpeløype nede på barnehagen sitt uteområde laurdag 12. november
    frå klokka 15.30-16.30. Det blir utan bruk av kart og ein ser frå post til post.
    Det vil bli brukt løpebrikke slik at ein får tida ved mål. Ein kan springe så
    mange rundar ein lystar. Oppmøte ved kosebua.

    Her er det berre å hive
    seg med!