1088 noteringar i skogsvegen Fet

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Nov 2016

Skogsvegen
Fet har hatt stabilt besøkstal siste åra. Litt over 1000 noteringar kvar år.
Men det er ein alvorleg tankevekkjar at tre personar står for 903 av 1088
noteringar. Det betyr at breidda ikkje er særleg stor, men at posten har nokre
herlege toppar. Faktum er at nøyaktig same fem personane som var på topp-5 i
2015, også var der i 2015. Ekstra ros til Margit Fet på 4.plass med 40 turar.
Ho var fyrste kvinne i Velledalen IL som deltok i eit alpinrenn i 1951, og ho
greidde altså 4.plass i skogsvegen Fet i 2016 som 87-åringen. Vi håper slik
innsats av ein super-veteran kan vekkje kamplysta i djerve ungdomar!! Margit
Jorunn er Velledalen IL sin eldste kvinnelege betalande medlem – berre så det
òg er nemnt.

Tala frå Skogsvegen Fet, topp-5, 2016:

334 turar: Grethe Fet

311
turar: Odd-Kåre Fet

258
turar: Astrid L. Drabløs

40 turar: Margit Fet

22 turar: Alf Petter Bøe

Skogsvegen
Fet siste fire år:

2013:
1117 noteringar

2014: 1095

2015: 1015

2016: 1088

Dette
må ein kalle stabile tal

Oversikt
over ulike trimpostar etter besøk i året
2016:

6.
Skogsvegen Fet 1088 – Grethe Fet

7. Skogsvegen Hjorthol 1021 - Anita Hjorthol

8. Myrdalsfjellet 849 - Elling Ivar Hole

9. Koppen 708 – Åge Vanebo

10. Skogsvegen Drabløs 627 - Annlaug Lervåg

11. Regndalen 483 – Geir Olav
Drabløs

12. Hytta Brunstadkølen 403 - Frode Linga

13. Holetindane 163 – Nils Terje
Skylstad

14. Høgsætra Fet 104 – Per Svein
Fet

Trimpostvinnarar etter kjønn i 2016:

Kvinner
– Menn 3-6