36 utstillarar under årets Førjulsmesse

Postet av Velledalen Idrettslag den 6. Nov 2016

12. og 13. november
vert Førjulsmesse nummer 24 arrangert i Velledalen grendahus. Denne gongen er messa flytta ei helg fram for ikkje å kollidere med
cupfinalehelga, der ein av utstillarane (Tove Marie Tandstad) skal vere
fjerdedommar i kvinnefinalen – GRATULERER!

Det pussige opp i dette er at «konkurrenten» vår, som
arrangerer messe i Sykkylven Storhall under same namn som vi har brukt sidan 1993,
også flytta si messe ei helg fram. Slik at han framleis kom helga føre messa i
Velledalen. Sjølvsagt fullt lovleg, men det spørst om han ikkje burde prøve
helga etter i 2017.

I 2015 hadde Førjulsmessa i Velledalen 35 utstillarar. I
år er talet 36, etter at 41 var påmelde. Nokre har meldt forfall, nokre hadde
vi ikkje plass til. I 2015 var åtte utstillarar debutantar i Velledalen. I år
er talet elleve. Det er arrangøren godt nøgde med. Her er namna på debutantane:


 ·
  
 Wenke Lien – berre sundag


 ·
  
 Laila Morken – berre laurdag


 ·
  
 Ingrun Gudbrandsen


 ·
  
 LS Fisk


 ·
  
 Renates Systue


 ·
  
 Humborstad


 ·
  
 May-Britt Wickstrøm


 ·
  
 Wenche Solli/ Lill Susann Hole


 ·
  
 May Vivi Berli – berre sundag


 ·
  
 Lillian Irene Fiskerstrand


 ·
  
 Tove Marie Tandstad