Trimpostane: Ny giv for skogsvegen Drabløs

Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Okt 2016

Ein blir ikkje feit i
poeng av å frekventere dette turmålet. Fattige to poeng ligg i potten, men stadig
fleire tek turen. Slik viser i alle fall tala.

Skogsvegen Drabløs er ein typisk «kvinnepost».
 Kanskje ikkje rette nemninga, men faktum er at ingen
mann har vore på topp-5 lista to siste åra. Truleg er det bakken i starten som
vert i tyngste laget for mannfolka. Men det fine er at det er sirkulasjon
mellom kvinnfolka også. Tre av dei som var inne på topp-5 i 2015, vart pressa
ut av høgare nivå i 2016.

Her er topp-5 Skogsvegen
Drabløs 2016:

179 turar: Annlaug Lervåg

50 turar: Liv Skogvold

40 turar: Ragna Knardal Drabløs

39 turar: Pernille Ibsen Lervåg

35 turar: Lilly Nilsen

Skogsvegen Drabløs siste fire
år:

2013: 315 noteringar

2014: 353

2015: 432

2016: 627

Som ein ser er framgangen
framifrå. Faktisk ei dobling av 2013-tala i 2016.

Rangering over dei ulike trimpostane i 2016:

10. Skogsvegen Drabløs 627 noteringar – Annlaug Lervåg

11. Regndalen 483 – Geir Olav
Drabløs

12. Hytta Brunstadkølen
403 – Frode Linga

13. Holetindane 163 – Nils
Terje Skylstad

14. Høgsætra Fet 104 –Per Svein
Fet

Trimpostvinnarar etter kjønn:

Kvinner – Menn 1-4

Vi gratulerer Annlaug
Lervåg som fyrste kvinnelege trimpostvinnar denne sesongen!