Bra år i Regndalen – Geir Olav trimpost-vinnar

Postet av Velledalen Idrettslag den 29. Okt 2016

Geir Olav Drabløs
forsvarte fjorårs-trimfen i Regndalen. Han kunne endå til slappe kraftig av på
tur-talet, men likevel vere nokså suveren. 95 turar i 2015, vart redusert til
41 i 2016. Erika Weiberg-Aurdal vart nummer to i år som i fjor, medan tanta til
Erika, Anne-Guri Weiberg-Aurdal. Ove Magnus Ødegård var yngstemann av dei som
kneip seg inn på topp-5, medan Arnt Brunstad delte lågaste trinnet med O-gruppa
sin leiar, Pernille Ibsen Lervåg.

Topp-5 året 2016 for turmålet Regndalen lyder slik:

41 turar: geir Olav Drabløs

16 turar: Erika
Weiberg-Aurdal

8 turar: Anne-Guri Weiberg-Aurdal

7 turar: Ove Magnus Ødegård

6 turar: Arnt Brunstad

6 turar: Pernille Ibsen Lervåg

Regndalen siste fire år:

2013: 348 noteringar

2014: 967

2015: 433

2016: 483

Som ein ser relativt stabile
tal, bortsett frå året 2014, då det som dei fleste veit var ei «fysne» i
Regndalen.

Postrangering 2016:

11. Regndalen 483
noteringar – Geir Olav Drabløs

12. Hytta Brunstadkølen
403 – Frode Linga

13. Holetindane 163 – Nils
Terje Skylstad

14. Høgsætra Fet 104 –Per Svein
Fet

Trimpostvinnarar etter kjønn i 2016:

Kvinner – Menn 0-4

Gjer mannfolka reint bord
i 2016….. eller kan dette dreie seg om reinhekla korrupsjon…?

Har du ei meining om
kvifor kvinnfolka har falert siste året, er du velkomen til å ytre deg på VIL
Facebook.