Per Svein Fet tok Høgsætra
Postet av Velledalen Idrettslag den 26. Okt 2016
Høgsætra trimpost har
liksom aldri slått til. Ofte har personar blitt hekta på ein bestemt post, men
dette ser ikkje ut til å skje på Høgsætra. 2016 vart derimot nok eit år med
nedgang, fattige 104 turar totalt. Her er utviklinga dei siste fire åra, som må
seiast å vere heller dyster lesnad:
2013: 185 registreringar
2014: 144
2015: 119
2016: 104
I fjor vann Geir Olav Drabløs denne posten med 21 turar. I år heldt det
med drygt halvparten, då Per Svein Fet kontrollerte inn til siger med tolv
turar.
Her er topp-5 frå Høgsætra
sesongen 2016:
12 turar: Per Svein Fet
7
turar: Håkon Fedt
6 turar: Geir Olav Drabløs
4 turar: Ole Jostein Fet
3 turar: Helen Longva Fet
Vi gratulerer Per Svein med triumfen!
Og minner alle trimpostvinnarar med medlemskap om premiering under VIL
sin Idrettsgalla (dato ikkje bestemt).