22 born med på Idrettsskulen sin opningsdag

Postet av Velledalen Idrettslag den 22. Okt 2016

Velledalen IL sin
Idrettsskule er for born i folkeskulealder (1.-7. klasse). Haust-semesteret
opnar med symjing. Opningsdagen var det Ida og Marlene frå symjegruppa i Sykkylven
IL som stod for instruksjonen. Deltakarane er delte i tre grupper – etter alder
/kvalifikasjon.

Om fleire ynskjer delta må
ein kontakte leiar i Velledalen IL sin Idrettsskule, Julie Brochman, tlf 932 85 881.

Kriteriet for inntak er slik:

1: Medlemar i Velledalen
IL har fyrsteprioritet uansett kvar dei bur.

2: Born i Velledalen IL
sitt hovudnedslagsfelt, som er Velledalen og Tandstad skulekrinsar

3: Andre får plass ved
ledig kapasitet.

Pris for haust 2016/
vinter og vår 2017 er sett til kr 200,- per born.

Som idrettsgrein nummer to
er planen ski-aktivitet på fjellet (etter jul).