Påmeldingsrekord for Førjulsmessa 2016
Postet av Velledalen Idrettslag den 19. Okt 2016
Det sig enno inn
påmeldingar, men håpet vom plass no er minimalt. Tre utstillarar har allereie
fått melding om at dei ikkje får plass dette året. Fleire er plasserte på
venteliste og kan sleppe til om det vert forfall.
Det er Velledalen IL som
er arrangøransvarlege opp mot utstillarane og pleier kontakta så godt det let
seg gjere. Største problemet VIL-folket har å hanskast med akkurat no er
fylgjande:
- Ei handfull
utstillarar vil vere her berre ein av dagane. Det hadde vore problemfritt om
halvparten var her laurdag og like mange kom sundag. Men i år er det klar overvekt
av «1-dagarar» som vil vere her laurdag.
Ti av utstillarane er
debutantar. Vanlegvis får alle debutantane plass.