Alle trimbøker skifta – ny sesong godt i gang
Postet av Velledalen Idrettslag den 18. Okt 2016
Om trimpostgeneralen vår
har trena med Haile Gebrselassie, eller andre storkanonar innan springing under
opphaldet, det veit vi førebels lite om.
Sjølv om trimpostar neppe stod på
programmet under «studieturen», skal ein ikkje sjå vekk frå at Nils har snappa
opp eit og anna som kan overførast til VIL…. Kanskje eit treningsopphald for
Kjell Magnar….?
Men det var trimbøker
denne teksten skulle handle om. Og det er viktig at personar som har skifta
bøker, leverer desse til Nils, slik at sumerings-arbeidet kan starte. Då plar
det ikkje gå så fælt lang tid før resultata frå topp-5 på dei ulike postane
ligg føre. Medan samanlagt-poenga vil drøye ei tid enno – det er nemleg ei
relativt tidkrevjande affære.
Med det framifrå gode
haustvêret vi er velsigna med for tida, er det grunn til å tru på ein
knallstart for 2017-sesongen. Så kom dykk ut folkens – 14 trimpostar hungrar
etter ei notering i boka.