Ramstaddalsløpet laurdag 15. oktober
Postet av Velledalen Idrettslag den 13. Okt 2016
Like sikkert som hausten
kjem, så kjem Ramstaddalsløpet. Målet er at flest mogleg er med å ber
stafettpinnen rundt den drygt 50 kilometer lange løypa. Rekorden er 66
personar. Her kan alle vere med, på eit lavterskel-tilbod der deltaking er
viktigare enn farta og slutt-tida.
FAKTA:
START/MÅL:
Jokerbutikken i Velledalen
LØYPA:
Joker
Velledalen – Fjellsætra – Ramstaddalen – Aure – Ikornnes – Straumgjerde – Fet sentrum
– Joker Velledalen.
STARTTID:
Klokka 09.30 frå Joker.
MÅL:
«Laget»
brukar ca 4 timar på turen.
PÅMELDING:
Til Svein Arne Nakken/Alf Petter Bøe innan 13. oktober.
SOSIALT
:
Etter løpet er alle velkomne til saft, kaffi og kake i Velledalen grendahus.
For spørsmål: kontakt
Svein Arne Nakken og Alf Petter Bøe.
OPPLEGG FOR BORN:
Det vil bli eit eige
opplegg for born på Dalemyra i regi av Emma Holmberg og Ole Peder Holmberg.
Dette startar 12.00, og vert eit aktivitetsopplegg fram til pinnen er ventande
på Dalemyra. Ungane vil så få kvar sin korte etappe inn mot mål ved
Jokerbutikken.
Målet med opplegget er at det skal bli
mindre venting og meir aktivitet, enn kva det normalt har vore.
Følg med på nettsida, vil
kome meir info, mellom anna ei oversikt over kvar den enkelte skal springe.