Friidrettsleiaren i VIL nr fem i NM terrengløp
Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Okt 2016
Alf Petter, som
representerer Rindal IL, kom i mål til tida 39.08. Det heldt til 5.plass i
klasse 45-49 år. Kilometertid på 3.55 i snitt over ti kilometer er særdeles bra
av ein mann som fyller 50 år i 2017.
Kor mange som deltok veit
vi ikkje i skrivande stund, men arrangøren hadde 170 påmelde. Dette talet
inkluderer UM, der utøvarane sprang fire kilometer. Få sunnmøringar deltok i
eit trønderdominert meisterskap, men Velledalen IL har all grunn til å vere
nøgd med friidrettsleiaren sin innsats. Hipp hurra for unge BØE!!
Heilt klart ei sak å like
på VIL facebook!!