Dalemyra framleis kamparena

    Postet av Velledalen Idrettslag den 9. Okt 2016

    KORT HISTORIKK.

    Dalemyra stadion vart bygt av Velledalen IL, med offisiell opning i 1971. Og
    berre for å ha nemnt det; VRF slo Hødd 1-0 i finalen i opnings-turneringa. Dei
    fyrste åra var det Velledalen IL som drifta bana og hadde kiosksalet, medan VRF
    leigde bana for ein rimeleg penge. Årsleiga var 2500 kroner i starten.

    Seinare fekk VRF overta
    heile anlegget. Dei hadde ansvaret for drifta, hadde inntektene av kiosk og
    reklame og alle utgiftene. I realiteten hadde VRF heilt frie tøylar på anlegget.
    Det var VRF som «bygde tribune», og det var VRF som kom med Kråmyra-huset i si
    tid. Så kom samanslåinga med FKS hausten 2002. Ordninga vart då i grove trekk
    at FKS hadde inntekta av reklameskilt. VRF stod for vedlikehaldet av bana, men fekk
    betalt for dette av FKS. VRF hadde kiosksalet. Velledalen IL var eigar som før.

    OPPSEIING.
      20.
    april i 2016 kom det så ei utgreiing frå VRF i fem sider, der fyrste punkt i
    eit styrevedtak knytt til Dalemyra lydde såleis:


     ·
      

     VRF seier frå seg
    driftsansvaret for Dalemyra overfor Velledalen IL med umiddelbar verknad.

    Greitt nok, men
    tidspunktet dette vart gjort på fall ikkje i god jord – jmf. Seriestarten.
    Difor enda det med at VRF drifta bana også i 2016-sesongen.

    Men no er det definitivt
    slutt for VRF på Dalemyra, Velledalen IL har fått klar beskjed om at oppseiinga
    sendt 20.april gjeld.

    RAPPORT OM BANER FRÅ FKS.
      Med oppseiinga fylgde det også ein rapport frå FKS
    sitt årsmøte om klubben sin banesituasjonen. Der skriv dei mellom anna:


     ·
      

     Å halde i stand
    dei to grasbanene i Velledalen/Straumgjerde er både økonomisk og elles ressurs-messig
    tungt. Spørsmålet er om klubben også i framtida skal vere med å halde begge
    anlegga i drift.

    Som ein ser av teksten her
    opnar FKS for å trekkje seg ut av Slettegjerde/Dalemyra.

    KVA NO PÅ DALEMYRA…?
      Velledalen IL har på styremøte i september drøfta synspunkt rundt
    overtakinga av Dalemyra. Dei var brei semje om at bana skal stellast som ein
    kamparena for fotball også i 2017. Det er all grunn til å tru at FKS får spele
    sine seks avtalefesta seriekampar – og gjerne fleire - på Dalemyra. Om dei vil.
    Faktisk er det grunn til å tru at laget vil få ein betre avtale med VIL enn dei
    hadde med VRF. Men laget må finne seg i at andre får tilgang til bana - aktuelle her kan vere SIL Fotball og Stranda IL Fotball. Vidare er det grunn
    til å tru at VIL i juli månad vil satse på utleige av anlegget, i kombinasjon
    med Velledalen grendahus, til lag som skal på NORWAY CUP – som enno er ei
    naturgras-turnering. Her vil ei strøken grasmatte vere attraktiv. Til og med på
    nordsida av Sykkylvsfjorden.

    PS.
      Personar
    som kan tenkje seg hjelpe til med smått og stort på Dalemyra sesongen 2017, tek
    kontakt med VIL-styret eller direkte til Johan S. Grebstad.

    PS 2:
      Vidare
    for 2017 kan nemnast at friidrettsgruppa har planar om eit nytt løp, førebels
    med arbeidstittel «Stadionløpet». Start på Slettegjerde, målgang på Dalemyra og
    mat-drikkestasjon på Fet. Like eins flytting av Minikonrad frå Brunstad til
    Dalemyra den 30.april.