NM/UM terrengløp i Rindal
Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Okt 2016
Sundag 9. oktober er det
UM og NM i terrengløp lang løype i nordmørsbygda Rindal. Distansane er 4 km, 6
km og 10 km.
Kjell Magnar Berli hadde
hevda seg bra her, men deltek ikkje, så vidt vi veit. Vi må difor nøye oss med
veteranløparen som bur i Velledalen, men spring for anna klubb. Dei fleste veit
kven vi meiner, og dei som ikkje veit, får lese det på VIL-Nett sundag kveld.
Men truleg vert andre med opphav
i Velledalen også å sjå i Rindal sundag. NM-arrangør i terrengløp i 2017 er
nemleg Vik IL i Sogn – Morten Holmberg sin klubb. Og vi veit at sogningane er i
Rindal for å observere og «lære». Truleg er Morten – eller i alle høve kona
hans, Ragnhild – på Nordmøre.
VIL-Nett ynskjer lukke til
både for dei som skal springe og dei som er på «skulebenken»