Fullteikna messe og godt loddsal

Postet av Velledalen Idrettslag den 8. Okt 2016

Dei tre arrangørlaga - VRF, Velledalen Skulekorps og Velledalen IL – har bestemt seg for at dei i 2016
skal selje meir lodd på basarbøkene på førehand. Loddsalet i Velledalen vert
styrt av Velledalen Skulekorps, og Hanne Oline Ulset melder om ein kanonstart:


 -  Vi er straks
ferdige neda Brauta, og vi må seie det har gått over all forventning. Vi har
sett opp vaksne folk, gitt dei få dagar og små roder. Hittil har det fungert
framifrå.

Elles kan det nemnast at
messa er fullteikna når det gjeld utstillarar, men det er mogleg å sette seg på
venteliste. Det hender at folk fell frå undervegs.