Arrangerte O-løp for vidaregåande skule
Postet av Velledalen Idrettslag den 4. Okt 2016
Etter O-dagen 1.oktober
med krets- og Forbundsbesøk, vart ikkje løypene på Dalemyra plukka ned. Fordi
Stranda vidaregåande skule gjerne ville ha ei økt måndagen etter.
Då var O-gruppa sine
medlemar forhindra, men friidrettsleiar Alf Petter Bøe og Ole-Peder Kristian
Holmberg mønstra på. Dei stod for tidtakinga for 25 elevar, og sytte for at
Velledalen IL fekk nokre kjærkomne kroner i kassa. Flott gjort, karar!!
Sidan sesongen nærast er
over finn vi rett å nemne at O-gruppa i Velledalen IL i 2016 også har hatt
opplegg for barnehagar, barneskular, friidrettskarusell og speidargrupper.
DETTE ARBEIDET HAR DEI GJORT GRATIS !!
På vegne av O-gruppa
takkar vi dei mange som har bidrege positivt gjennom sesongen!!