Norsk orientering ynskjer bli fleire
Postet av Velledalen Idrettslag den 2. Okt 2016
Ja, i den grad blitt lagt
merke til, at då Norges Orienteringsforbund plotta ut besøksstadar til sin
eigen Rekrutteringsturné 2016, fall eit besøk til Velledalen IL si O-gruppe på
plass som eit heilt naturleg val.
Såleis vart 1. oktober ein
stor dag for heile Velledalen IL, og spesielt stor for Pernille, Janne Monica
og Anne Grete i O-gruppa. Arbeidet deira hadde blitt sett av andre. Og løna på
beste måte. Forbundsbesøk er langt frå daglegdags i Velledalen. Rettare sagt
har det vel aldri tidlegare hendt i laget si 110-årige soge.
Då Vigdis Hobøl og Svend
Sondre Frøshaug frå O-Forbundet kom til Dalemyra hadde kring 25 born, og nokre
vaksne, gjennomført dagens O-løp i to ulike løyper. Før brødskive-lunchen i
grendahuset, hadde Hobøl og Frøshaug ei økt med ei gruppe unge O-løparar.
Fleire øvingar som kan pirre treningskvardagen vart gjennomgått.
Etter lunch fekk vi fleire
føredrag om O-sporten. I tillegg til dei to frå Forbundet, hadde Pernille
Lervåg ein sekvens som fortalde om korleis O-sporten hadde fått fotfeste i
Velledalen IL. Henning Teigene, kretsleiar i Møre og Romsdal,hadde ein bolk om
stoda her i fylket, der ein finn dei største miljøa i Kårvåg, Molde og på
Emblem, i tillegg til Sykkylven (Velledalen).
Nemnast må det at
Velledalen IL si O-gruppe, laurdag representert ved Janne og Pernille, fekk
særdeles rosande omtale. Både frå Forbundet og kretsleiaren. Frå Emblem IL vart
det antyda at når «Myrdalskartet» var ferdig skulle det arrangerast løp i
fellesskap, der Emblem IL stod tidtaking og løypesetting, Velledalen IL det
øvrige.
Sjå link her
Som avslutning på ein gild,
og vellukka O-dag hadde Vigdis Hobøl ei lita gåvehelsing til Janne og Pernille,
medan kretsleiaren og O-Forbundet sine representantar reiste heim med kvar si
t-skjorte med påskrifta: «Gi livet eit løft – Konradløpet».
Sikkert er det i alle fall
at O-gruppa har gitt Velledalen IL eit løft !!