Ramstaddalsløpet laurdag 15. oktober
Postet av Velledalen Idrettslag den 30. Sep 2016
Ramstaddalsløpet er eit
typisk haustarrangement. Ei familietilskiping der ein ikkje må vere spesielt
sprek for å delta. Kor langt den einskilde vil springe varierer stort.
Distansane har vore frå 50 meter til fleire kilometer, og på deltakarlista har
vi hatt alt frå purunge born til superveteranar (tenkjer då spesielt på Tomas
Tandstad og Harald Hjorthol). Etter målpassering har det vore vanleg med ei
sosial samling.
Vi kjem tilbake til
starttidspunkt, men det plar vere relativt tidleg (seinast 10.00). Tidsmessig
vil det heile ta pluss/minus fire timar. Påmelding innan 11. oktober til:
Alf Petter Bøe – tlf 901 62 279
Svein Arne Nakken – tlf 907 93 343
I eit «normalår» plar om
lag 50 personar vere med på denne dugnaden, medan vi har vore godt over 60 på
det meste. Karane som tek mot påmelding er klare: Meld inn namna og kor lang
distanse de samla vil springe.