Oslo maraton
Postet av Velledalen Idrettslag den 20. Sep 2016
Målsettinga var som tidlegare annonsert under tre timar. Det tilsvarer om lag 4 min og 15 sekund per kilometer. Opna nokså roleg saman med Oslo Maraton sin fartshaldar for tre timar. Det gjorde også litt for mange andre etter min smak, så for å unngå kollisjonar og køløping, valgte eg å oppjustere tempoet litt. Passerte difor halvmaraton på om lag 1.27.30, så litt føre målsetjinga på 1.30 halvvegs.
Beina føltes ok, men etter om lag 35 km merka eg at no nærmar den berømte veggen seg. Låg an til ca 2.55-tid på dette tidspunktet. Men kilometer-passeringane fauk opp med om lag 30 sekund per kilometer, så no blei prosjekt "Redde Stumpane" igangsett. Siste kilometrane var ein lidelse, noko utsendt VIL-løpar Hilde Tandstad fekk overhøyre.
Lettelsen var difor enorm då eg sprang i mål på 2.57.47 sånn ca. Heldigvis var eg også so heldig å bli intervjua av NRK i mål, så for spesielt interesserte kan ein gå inn og sjå dette på nett-TV (omlag 12.12 på sendeskjemaet). Tek inget ansvar for kva som blei sagt og gjort/framvist.
link til NRK her