Smyg Njål seg under tre timar…?
Postet av Velledalen Idrettslag den 16. Sep 2016
Velledalen IL vert etter
alle solemerker representert både på maraton, halvmaraton og ti kilometer. Njål
Torillson Tyssing vert vår mann på lengste distansen. I sin andre halvmaraton
har han som mål og trykke seg under tre timar. Så vidt vi veit er det berre
Sverre Gunnar Brunstad og Einar Fet av VIL-medlemar som har gjort det før han.
Planen var at Kjell Magnar
også skulle debutere på full maraton i Oslo – etter eit skjema på fire min pr.
km som ville gitt ei sluttid på under 2.50. Men Kjell Magnar har hatt eit
skrantande kne etter eit fall, noko som gjorde at Berlien sitt medisinske apparat
rådde han frå deltaking denne gongen.
Følg med på VIL-Nett, der
håper vi å melde Njål si sluttid i løpet av laurdagen.